Hopp til innhald

Fagstoff

Hummar

Den europeiske hummaren er eit av dei største krepsdyra våre. Han veks seint, berre 2–3 cm per år, og hoene blir først kjønnsmogne når dei er om lag 23 cm store. Hummaren trivst berre på grunt vatn ned mot 40 meters djup, og vil ha fjell- og steinbotn der han kan finne gode gøymestader.
Ein heil, rå hummar med gummistrikk over klørne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hummaren lever av muslingar, skjel, kråkebollar, mark og død fisk.

Hummaren gyter om sommaren, og hoa ber rogna vinteren over til klekking i juni–juli eitt år seinare. Larva sym omkring i cirka 3–4 veker og byter skal fleire gonger inntil ho søkjer seg ned mot botnen. Då har ho vorte om lag 18 mm lang.

Fangst og fangstreiskapar

Kokte humrar i fiskedisk med prisskilt. Foto.

Det har skjedd ein dramatisk nedgang i hummarbestanden i farvatna våre dei siste 50 åra, og derfor er det innført reglar for freding og for minstemål ved fangst. Den einaste lovlege fangstreiskapen er hummarteine.

Forsøk med å utvikle hummaroppdrett i Noreg er sette i gang. Det er ein utfordrande art å arbeide med, for hummaren er kannibal, og individa må derfor haldast åtskilde. Det blir òg drive havbeite og utsetjing for å styrkje lokale bestandar.

Amerikansk hummar er registrert i våre farvatn, men han er uønskt og svartelista.

Bruk

Hummaren blir seld levande, kokt, djupfrosen eller hermetisert. Kokt hummar blir for det meste nytta , men han kan gjerne lagast til som kald eller varm rett. Naturell er han smakfull med ein godt krydra dressing i staden for den tradisjonelle majonesen.

Næringsinnhald

Hummar har mykje vitamin B12 og vitamin E i tillegg til sink.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong:

oktober–desember

Storleik:

Opptil 50 cm og 4 kg

Utbreiing:

Europeisk hummar finst langs heile norskekysten, men står i dag på raudlista, og fisket er avgrensa.

Les meir om retningslinjene for hummarfiske på fiskeridirektoratet.no.

Med andre ord:

latin: Homarus gammarus

engelsk: lobster

fransk: homard

tysk: Hummer

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 12.10.2022

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr