Hopp til innhald

Fagstoff

Kråkebolle

Ved norskekysten finst det mange ulike artar av kråkebollar. Dei to vanlegaste er den raude kråkebollen og den grøne kråkebollen. Den grøne kråkebollen, også kalla drøbakkråkebollen, er den som helst vert hausta i Noreg. Ein fullvaksen grøn kråkebolle kan verta rundt 8 cm i diameter.
Kråkebolle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kråkebollen har eit grønfarga skal og grønlege, raudlege eller fiolette piggar med kvit spiss. Skalet er dekt med piggar som karakteriserer pigghudingane.

Kråkebollen trivst best på hard botn og lever helst ved lågvatn og ned til djupner på 25–50 meter. Han et særleg av tang og tare, men ved dårleg tilgang på hovuddietten kan han òg beita på andre organismar. Kråkebollen gyter seinvinters og om våren, men det kan vera store lokale variasjonar.

Raud kråkebolle på ein stein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rogna er det einaste etande i dette taggete sjødyret. Både hann- og ho-kråkebollen lagar rogn. Når dei fem rognsekkene i kråkebollen er fulle, fyller dei nesten heile hòlrommet inne i skalet, og då er rogna på sitt beste. Rogna er gul til raudoransje. Ho er mjuk og har ein heilt spesiell søtleg og særeigen smak. Best kvalitet på rogna finn vi seint på hausten og tidleg på vinteren før egga er modne. Før modning har rogna ein fast konsistens, medan ho vert svært utflytande rett før og under gyteperioden. Vi bør ikkje hauste kråkebollar i gytetida eller rett etter gyting.

Fangst/hausting

Det er ei aukande interesse for kråkebollefangst i Noreg, og kråkebolleressursane våre er langt på veg uutnytta. Det er mogleg at hausting av kråkebollar til oppfôring eller direkte sal kan verta ei ny næring for Kyst-Noreg. Hausting av kråkebollar skjer førebels berre ved dykking.

Bruk

Det er gonadane til kråkebollane som er etande – ofte omtalte som rogn, men gonadane er eigentleg eggstokken (hoa) og testiklane (hannen). Dei vert serverte rå på same måten som østers, men kan òg varmebehandlast og for eksempel setjast til direkte i varme sausar som tilbehøyr.

Kråkebollar og kråkebollerogn på ein tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Kråkebollar inneheld store mengder A-vitamin og enzym som nøytraliserer alkohol.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Kråkebollar er best på hausten og vinteren.

Utbreiing

Finst i Nordaust-Atlanteren frå Portugal til Nord-Noreg og på Island.

Storleik

Vert sjeldan større enn 100 mm, dei aller største kråkebollane er truleg 7–8 år gamle.

Med andre ord

Latin:
grøn: Strongylocentrotus droebachiensis
– raud: Echinus esculentus
Engelsk: Sea urchin
Fransk: Oursin du mer
Tysk: Seeigel

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 24.01.2018

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr