Hopp til innhald

Fagstoff

Ville nyttevekstar gjennom historia

Mange av bladgrønsakene, urtene og krydderplantane våre blir ofte omtalte som "ugras", "kaninfôr" og "krisemat". I tillegg har plantane blitt nytta som dyrefôr, og alt dette har ført til at mange er skeptiske til å bruke dei ville nyttevekstane.
Brennesle og lauk blir steikt i ein kjele. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ofte i krisesituasjonar, som ved krig og uår, at menneska har nytta ville vekstar som mat. Dette er nok ein av grunnane til at plantane har fått eit så ufortent dårleg rykte.

Mange av dei ville urtene kom opphavleg frå Europa

Det var først i perioden 1050–1537 e.Kr. at ein i Noreg for alvor begynte å nytte urteplantar. Munkar og nonner frå land lenger sør i Europa bringa med seg frø frå urter og plantar, og opparbeidde klosterhagar. I denne perioden vart det oppført mange kloster i Noreg, og kvart kloster hadde sin eigen urtehage. Fleire planteslag som veks vilt i vår flora i dag, stammar frå klosterhagen.

Ville vekstar som matsupplement i dårlege tider

Baking av barkebrød på 1800- tallet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I krigstid og i etterkrigstida, frå 1914–1950, var det dårlege matforråd i Noreg. Det ein kunne samle inn frå naturen, var eit viktig supplement i hushaldninga, og kunnskapen frå 1700-talet vart på nytt teken i bruk. Ein mol opp bork, røter, lauv og frø, og tilsette det i mjølet for å dryge det. Bygg, sikorirot og løvetannrot mol ein opp og tilsette i kaffien eller nytta det åleine som kaffisurrogat.

I 1941 kom boka Gratis mat av ville plantar av Jens Holmboe ut. Denne boka dekte eit stort behov for å lære korleis ein skulle nytte ressursane i naturen.

Fram til 1960-talet såg ein på ville vekstar som eit nødvendig tilskot til matlaginga.

Ville vekstar var ein del av kosthaldet i jernalderen

Meldestokk. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Allereie på 1500-talet nytta ein krekling, kvann, bukkeblad, bergknapp, matsyre og te laga av friske furuknoppar for å hindre utbrot av skjørbuk. Fleire funn frå jernalderen viser at urter som nesle og meldestokk vart nytta som ein del av kosthaldet. Meldestokk var ein næringsrik urt som ein mol opp og tilsette i graut og brøddeigar, og brennesle vart nytta som kål.

Krydder nytta ein til å kamuflere at mat begynte å lukte vondt eller smake annleis. Kjøtt var ei dyrebar vare, og det var viktig å behalde maten så lenge som mogeleg. Utskjemd mat vart derfor krydra slik at ein greidde å ete han.

Ein kunne ofte tilsetje krydder i øl for å skjule at brygginga ikkje hadde vore vellukka. Det vart òg tilsett krydder og urter i brennevin for å døyve og skjule den sterke smaken. I og med at ein nytta brennevin som medisin, vart det viktig å tilsetje krydder og urter for å få pasientane til å svelge han.

Historia om nyttevekstar i Europa

Det var grekarane og andre folkeslag rundt Middelhavet som for alvor begynte å bruke nyttevektstar. Fønikarane dominerte middelhavsområdet frå om lag 1200 f.Kr, og dette sjøfarande folket hadde med seg mange plantar tilbake frå reisene sine. Hamnebyen Tyrus vart eit knutepunkt for omsetnad av krydder, og på denne måten fekk grekarane innsikt i korleis ein kunne nytte dei medisinske plantane. Grekarane begynte å registrere plantar og skrive ned kva dei kunne bli nytta til, og det var den medisinske verknaden dei var interesserte i. Etter kvart oppdaga grekarane den gode smaken til plantane og begynte å nytte dei i maten.

Karvekål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Ville nyttevekstar