Hopp til innhald

Fagstoff

Verneutstyr

HMS-lovgivinga stiller krav om bruk av verneutstyr når vi utfører visse typar arbeid. Kva personleg verneutstyr vi treng, avheng av kva type arbeid vi skal utføre, og i kva miljø vi skal arbeide.
Ein kokk i uniform står med armane i kross inne på eit stort kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsgivaren har ansvar for at naudsynt verneutstyr er tilgjengeleg, og for at arbeidstakaren har fått naudsynt opplæring i bruken av det. Arbeidstakaren har på si side plikt til å nytte verneutstyr etter instruks frå arbeidsgivaren.

Verneutstyr i kokk- og servitørfag

Uniform

Du har kanskje ikkje tenkt på at uniforma er ein del av det personlege verneutstyret ditt? Ei kokkejakke bør vere laga av bomull, som forkolar når ho blir eksponert for eld – og ikkje av polyester, som vil smelte. Jakka skal vere laga slik at ho er enkel å vri av seg viss du er uheldig og søler varm væske, eller viss ho tek fyr.

Sko

Anten du er kokk, ferskvarehandlar eller servitør, går og står du mykje når du jobbar. Derfor treng du gode sko som hindrar belastningsskadar. Skoa må i tillegg sikre deg på jobben:

  • Dei må vere sklisikre, sidan det er mykje vassøl på eit kjøkken og i oppvasken.

  • Dei må tole vassprut, slik at skoa vernar deg viss det skulle sprute varm væske på føtene.

På stader der ein sjauar tunge kasser og ølfat, treng du vernesko med tåhette av stål. Dei vernar deg mot klemskadar og inntrenging av skarpe gjenstandar.

Vernebriller

Viss du skal reingjere omnar og komfyrar med sterke reingjeringsmidlar som omnsreins, må du verne auga mot sprut frå farlege kjemikaliar.

Andedragsvern

Viss du handterer sterke reingjeringsmiddel som omnsreins i sprayform, må du nytte ei maske som hindrar deg i å puste inn farlege gassar og kjemikaliar. Maska kan du òg nytte når du heller store sekkar med mjøl over i behaldarar. Då unngår du å puste inn mjølstøv.

Kokkejakke, andedragsvern, vernebriller, kokkesko, stålhanske og lêrhanske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidshanskar

Vi har fleire ulike typar arbeidshanskar avhengig av kva arbeid som skal utførast:

  • Enkle hanskar som blir nytta i arbeidssituasjonar med låg risiko. Eitt døme er gummihanskar, som du nyttar ved reingjering. Dei vernar deg mot varmen i vatnet og mot reingjeringsmiddel som kan tørke ut huda og føre til eksem. Eit anna døme er eingongshanskar, som vernar huda mot irritasjon når du arbeider med råvarer som inneheld mykje salt eller syre.

  • Tjukke hanskar som vernar deg mot kraftig varme, til dømes når du skal ta varme brett ut av steikjeomnen. Desse kan vere laga av ulike materiale, som bomull eller lêr. Tjukke hanskar vernar deg òg mot kuldeskadar når du ryddar på kjøl og frys.

  • Stålhanskar nyttar du når du arbeider med kniv eller ved kjøtsag. Desse hanskane er laga av stål og vernar hendene mot kutt og skadar.

Høyrselsvern

Det kan vere lurt å verne høyrselen når du arbeider med bråkete maskiner, til dømes kjøtsag, over lengre tid.

Andre klede

Du må ha tilgang til varme overtrekksklede når du skal rydde eller plassere varer på kjøl og frys.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

HMS