Hopp til innhald

Fagstoff

Skjenking

Alkohol kan gi mange hyggelege stunder og kan gjere god mat endå betre. Men alkoholbruk kan òg medføre både sosiale og helsemessige skadar for samfunnet samla sett og for enkeltpersonar.
To mannlege bartenderar lagar drinkar og tek imot betaling i ein bar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Restriksjonar

Forsking viser at restriksjonar på sal og skjenking er eit effektivt verkemiddel for å avgrense skadane som alkoholbruk kan medføre. Vi har eit stort ansvar for gjestane våre og må derfor passe på at vi følger gjeldande lover og reglar.

I forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskrifta) finn vi utfyllande reglar som gjeld når vi skal skjenke alkohol til gjestar.

Aldersgrense

Den som sel, leverer ut eller skjenker alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir, må ha fylt 20 år. Den som sel, leverer ut eller skjenker annan alkoholhaldig drikk, må ha fylt 18 år.

Det finst nokre unntak frå desse aldersgrensene, mellom anna for elevar, lærlingar og personar med fagbrev innan kokk- og servitørfag. Dette kan du lese mer om i alkoholforskrifta på Lovdata.

Det ikkje lov å selje, skjenke eller levere ut alkoholhaldig drikk til nokon som er under 18 år. Det er ikkje lov å selje, skjenke eller levere ut alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir til nokon som er under 20 år.

Er vi i tvil om gjesten er gammal nok, pliktar vi å spørje om legitimasjon.

Synleg påverka

Personar som er synleg påverka av rusmiddel, skal ikkje ha tilgang til skjenkestaden. Dersom ein synleg påverka gjest likevel har komme seg inn, har vi plikt til å sørge for at gjesten forlèt staden.

Det er ikkje lov til å skjenke personar som er synleg påverka av rusmiddel. Det er heller ikkje lov til å skjenke ein person så mykje at vi må rekne med at han eller ho vil bli synleg påverka. Sit fleire gjestar saman, og éin av dei er synleg påverka av rusmiddel, skal vi ikkje skjenke alkohol til nokon av dei før vi har vist bort personen som er synleg påverka.

Kjenneteikn på at nokon har fått for mykje, er at dei blir slepphendte og mindre merksame. Dei kan sjangle og ha problem med å gå rett. Auga blir symjande, og dei kan ha vanskeleg for å fokusere blikket. Mange blir høgrøysta og snakkar utydeleg eller snøvlande. Synleg påverka personar kan verke forstyrrande på andre gjestar.

Det er ikkje alltid like lett å vite når ein gjest har fått for mykje. Helsedirektoratet har derfor laga ein skala som skal gjere det enklare for den som skjenker.

Helsedirektoratet sin skala for gradar av alkoholpåverknad

Serveringseining

Det er berre lov til å skjenke brennevin i mengder på 2 og 4 cl. Det vil seie at vi ikkje kan skjenke ein dobbel drink (meir enn 4 cl) til ein gjest som ber om det. Unntaket er internasjonale cocktailar som inneheld fleire typar brennevin. Desse kan overstige 4 cl for éin drink. Til dømes er det lov til å servere ein Long Island Iced Tea med 6 cl alkohol, fordi denne drinken er godkjend som ein internasjonal cocktail i bransjen.

Ein bartender heller tonicvatn i ein drink. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjelpeplikt

Når ein gjest har fått for mykje, og må visast bort frå skjenkestaden, har vi ifølge lova hjelpeplikt. Det vil seie at ein person som er så rusa at han eller ho ikkje kan ta vare på seg sjølv, må få naudsynt hjelp. Det finst mange døme på menneske som har omkomme under påverknad, fordi dei har sovna i snøen eller falle i vatnet. Denne hjelpa kan bestå i å få personen trygt heim ved å bestille ein taxi eller tilkalle politi.

Internkontrollsystem

Alle som har fått skjenkeløyve og driv ein serveringsstad, pliktar å ha eit internkontrollsystem for alkohol. Dette systemet skal vere eit nyttig hjelpemiddel for alle tilsette og bidra til forsvarleg skjenking. Her skal vi finne alle krav som løyvet og alkohollova krev at verksemda må oppfylle.

Systemet må sørge for at alle dei tilsette har fått opplæring, og at dei har nok kunnskapar til å kunne overhalde gjeldande krav og lover. Det skal dessutan innehalde rutinar for å førebygge, avdekke og rette opp eventuelle feil.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2023

Læringsressursar

Lover og forskrifter