Det gode arbeidsmiljøet
Mange er opptekne av trivsel på jobben. Ei europeisk undersøking viser at ifølgje arbeidstakarar er både familie, helse og økonomi mindre viktig enn jobbtilfredsheit for å skape eit godt liv.
Forholdet til kollegaer har mykje å seie for trivselen. Viss vi har ein venleg tone, samarbeider godt og fordeler arbeidsoppgåver rettferdig, opplever vi gjerne meir arbeidslyst og blir mindre stressa. Psykisk og fysisk helse heng nært saman.
Det er godt dokumentert at det totale arbeidsmiljøet har mykje å seie for motivasjon, helse, sjukefråvære, trivsel og produksjon. Eit godt arbeidsmiljø må derfor ha god balanse mellom det personlege behovet til medarbeidarane og verksemda (bedrifta) sine ønske og behov.
Helsefremjande arbeidsplassar
Arbeidsmiljølova slår i § 1-1 fast at arbeidsmiljøet skal vere helsefremjande: "Lovens formål er å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfull arbeidssituasjon."
Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for ein helsefremjande arbeidsplass.
Når vi jobbar saman med nokon vi trivst med, opplever vi jobben som positiv, og arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med arbeidskameratar eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg. Då kan arbeidsplassen bli helsebelastande og føre til sjukdom og skadar, låg effektivitet og misnøgde kundar.
Video frå Idébanken.org om helsefremjande arbeidsplassar
Sjå videoen Helsefremmende arbeidsplasser frå Idébanken.org på YouTube.
Helsefremjande arbeidsplassar er lønsamt for alle
Det er arbeidstakarane som sørgjer for produksjon, effektivitet og kvalitet i arbeidet. Ein arbeidsplass som verkar helsefremjande, løner seg dermed for både arbeidstakaren og arbeidsgivaren.
Alle må derfor bidra til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen. Ein triveleg arbeidsplass blir òg kjenneteikna ved at konfliktar – anten mellom dei tilsette eller med leiinga – blir løyste mens dei er små. Kort sagt er dårlege kollegaer og dårlege leiarar ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremjar god helse.
Medråderett
Det er viktig å føle at vi har innverknad på vår eigen arbeidsplass og moglegheit til å påverke vårt eige arbeid. Involvering kan dermed verke helsefremjande.
Meistring og utvikling
Arbeid og oppgåver vi opplever som meiningsfylte, handterbare og forståelege, kan bidra til at vi òg opplever arbeidsplassen som ein god stad å vere. Då meistrar vi arbeidet vårt og føler ikkje at krava blir for store. Samtidig må vi òg ha moglegheita til å utvikle oss, slik at ikkje arbeidet på sikt vil opplevast som kjedeleg.
Tilbakemelding
Elevar set pris på å få tilbakemelding frå lærarane på prestasjonane sine. Slik er det òg i arbeidslivet. Arbeidstakarane ønskjer tilbakemelding – ros og ris – frå leiaren på korleis dei gjer jobben sin.
Arbeidsmiljølova sine krav til det psykososiale arbeidsmiljøet
Dette seier § 4-1 i arbeidsmiljølova:
- Arbeidet skal legges til rette slik at arbeidstakers integritet og verdighet ivaretas.
- Arbeidet skal søkes utformet slik at det gir mulighet for kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakere i virksomheten.
- Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.
- Arbeidstaker skal så langt det er mulig beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.
Når arbeidet er tilrettelagt etter desse krava, skal det vere mogleg å oppnå meiningsfylt arbeid.
Gruppeoppgåve
Drøft og gi døme på kva de legg i eit godt arbeidsmiljø, og kva som kan gjerast for å få det til.
Kjelder
Foss, A. S. (2006). Kjedelig jobb dreper livsgleden. Forskning.no. https://forskning.no/psykologi/kjedelig-jobb-dreper-livsgleden/1014407
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no