Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ergonomi i arbeidet

Ergonomi er meir enn variert og god kroppsbruk. Denne oppgåva handlar om ergonomiske utfordringar i arbeidet og kva vi kan gjere for å ta vare på helsa.
Kvinneleg kokk ber ein stabel med gryter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Desse forholda er viktige i arbeidssamanheng:

  • kva slags arbeidsutstyr vi nyttar

  • korleis arbeidsplassen er utforma

  • korleis vi utfører arbeidet

  • kva hjelpemiddel som er tilgjengelege

  • korleis arbeidsoppgåvene er organiserte

  • syns-, støy- og klimaforhold

  • arbeidsmiljø

For å ta vare på helsa må vi ha kunnskap om korleis vi kan unngå belastningslidingar ved å nytte gode ergonomiske prinsipp.

Oppgåve

Del inn klassen i grupper på fire. Kvar gruppe skal lage ei digital framstilling av ergonomiske utfordringar i arbeidet, anten på kjøkkenet eller i serveringssalen.

  • Kvar gruppe kan lage anten ein film eller ein presentasjon med bilete.
  • Framstillinga skal vise praktiske døme på kva som er god ergonomi, og kva som ikkje er god ergonomi.
  • Alle gruppene skal framføre arbeidet sitt for dei andre.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021

Læringsressursar

HMS