Hopp til innhald

Fagstoff

Behov og ønske

Ulike behov krev ulike løysingar. Oppgåva til servitøren er å avdekkje kva ønske og behov dei ulike gjestane har. Leverer vi ei teneste som dekkjer behovet til gjesten, løyser vi eit problem for vedkommande.
Kvinne med meny i handa vender seg til ein servitør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med behov?

For at vi skal leve og trivast som menneske, må visse grunnleggjande behov vere dekte. Vi må ha mat, drikke og varme klede. Når vi kjenner oss svoltne og tørste, har tankane lett for å krinse omkring mat og drikke. Eit solid måltid mat med godt drikke gjer at kjensla av svolt og tørst forsvinn.

Å sløkkje svolt og tørst er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg for å leve og blomstre som menneske. Vi har òg behov for tryggleik, kontakt med andre og for å bli anerkjend og kunne utvikle oss som menneske.

Jente sit lent over bøker på eit bord og søv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr mest for deg?

Viss vi spør vener og kjende kva som betyr mest for dei, får vi ulike svar. Somme legg vekt på pengar og materielle gode. Andre legg meir vekt på nærleik og venskap. Det kan vere spennande å tenkje over kva som betyr mest for deg sjølv og venene dine. Kva har vi felles? Kva skil oss? No kan du svare på spørsmåla om kva som betyr mest for deg.

Ønska og behova til kunden

Men matvanane til folk varierer sterkt. Mens somme først og fremst ser etter lågaste pris, ser andre etter beste kvalitet. Mens somme ser etter kjende merkeklede, ser andre etter behagelege klede.

Ønska og behova til kunden er påverka av kultur, vanar hos familie og vener, smak og behag, reklame og marknadsføring.

Er behov det same som ønske?

Behov og ønske er ikkje heilt det same. Kundar kan ønskje seg ting i tillegg til det som dekkjer grunnleggjande behov, spesielt i rike forbrukarsamfunn – som Noreg. Her er levestandarden så høg, at folk flest har det meste av det dei har behov for.

Når dei grunnleggjande behova er dekte, ser vi oss om etter meir raffinerte forbetringar. Stadig kjem det motar og tekniske nyvinningar som er lettare, finare og har nye funksjonar. Det gir status å alltid vere først med det siste. Det blir kalla luksus når vi kjøper varer som vi strengt tatt ikkje treng. Å kjøpe ein ny mobiltelefon eller pc, sjølv om den gamle er fullt brukbar, kan auke respekten hos vener og kjende.

Både seljar og kjøpar kan ha nytte av å tenkje over kva for kjøp som kjem av grunnleggjande behov, og kva som må reknast som luksus.

Ein mann og ei kvinne sit på ein restaurant og studerer ein meny. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Service og gjestebehandling