Hopp til innhald

Fagstoff

Spekematbord

Spekemat passar til dei fleste høve, anten det er snakk om ein enkel lunsj eller til større selskap som dåp eller konfirmasjon. Spekemat har lange tradisjonar i Noreg og blir som oftast servert med tradisjonelt tilbehøyr.
Ei heil spekeskinke på eit bord, med druer og melon ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spekemat

Ein kan òg utvide repertoaret med fleire sortar spekemat frå andre land, og då vil gjerne tilbehøyret òg bli noko endra.

Når ein serverer spekematen, vel ein gjerne litt originale anretningar som rustikke trefjøler, flate steinar og liknande for å understreke det tradisjonelle.

Eit tradisjonelt spekematbord inneheld

  • spekeskinke som westfaler eller pæreskinke
  • spekepølser som fårepølse, salami, morrpølse, svartpølse
  • fenadlår
  • spekt kjøtt, som spekt reinkjøtt, elgkjøtt, hjarte og tunge

Tilbehøyr

  • brød: gjerne fleire typar, smaksette, grove og fine, flatbrød

  • smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønsker det

  • sausar: rømme og eventuelt dressing laga på rømme og urter

  • eggerøre

  • frukt: Søt og godt modna frukt passar perfekt til spekemat, til dømes melon, jordbær, mango, fersken og druer.

  • salatar: Potetsalat, waldorfsalat, pastasalat og ein grøn salat smaker godt til spekemat.

  • rømmegraut: tradisjonelt tilbehøyr til spekemat

Berekning

Rekn om lag 150 gram spekemat per person, fordelt på dei ulike sortane. Spekeskinke er oftast mest populært.

Drikke

Øl er tradisjonell drikke til spekemat, men tørr eller halvtørr kvitvin passar også bra.

Alkoholfritt

Isvatn og mineralvatn.

Ei skål med rømmegraut og eit fat med spekemat. Foto.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé