Hopp til innhald

Fagstoff

Vinregionar i Portugal

Vi ser litt nærare på dei ulike vindistrikta i Portugal.

Minho

Regionen Minho ligg heilt nord i Portugal og er særleg kjend for vinen Vinho Verde som betyr grøn eller ung vin. Han er ikkje grøn på farge, men namnet kjem av at han blir laga av druer som er lite modne. Drueplantane veks oppover tre eller pergolaar for at dei ikkje skal få så mykje varme frå bakken og modnast raskt. Dette gir ein frisk og ung vin. Vinane går gjennom ei malolaktisk gjæring etter at dei er tappa på flasker. Dette gir litt karbondioksid, noko som gjer dei litt perlande når dei blir opna. Det blir laga både raud og kvit, men det er nesten berre den kvite som blir eksportert. Vinen blir seld på flattrykte, runde flasker.

Det blir òg laga ein frisk tørr rosévin i regionen. Han blir seld på liknande flasker og er òg perlande, men han er tilsett karbondioksid.

Douro

Dourodalen er mest kjend for portvin, men det er berre rundt halve avlinga som går til det. Det blir òg produsert svakvin. Svakvinane har ikkje vore så kjende som portvinane, men no begynner det å komme raudvin med bra fylde og fruktigheit. I dalen blir det òg laga Barca Velha, som blir sagt å vere den beste raudvinen i Portugal og motstykket til den spanske Vega Sicilia.

Bairrada

Regionen Bairrada ligg sør for Dourodalen og er kanskje det mest kjende og største raudvinsdistriktet i landet. Det blir nesten berre laga raudvin her. Drua Baga gir robuste, tanninrike, alkoholsterke vinar som gjerne krev lagring. Dei kan minne om bordeauxvin. Blanda med andre druer gir dei ein blautare vin som modnar raskare. Det blir òg produsert ein utmerkt rosé i regionen Nobile. Han har fått bra omtale i fleire testar.

Dao

Dreg vi austover frå Bairrada, finn vi regionen Dao. Raudvin herifrå har lenge vore kjend utanfor grensene til Portugal, mellom anna med Grão Vasco som i mange år har vore på listene til Vinmonopolet. Det blir brukt mykje dei same druene som til produksjon av portvin. Det gir kraftige tanninrike vinar. To tredelar av produksjonen er raudvin, men det blir òg laga fruktige, aromatiske kvitvinar med god fylde.

Setubal

Vi finn området Setubal rett sør for Lisboa, hovudstaden i landet. Kjendisen herifrå heiter Moscatel de Setùbal og er ein sterk, gyllenbrun, søt dessertvin. Han blir rekna som noko av det beste ein kan få av muskatellvin, og har òg stor haldbarheit. Det blir i tillegg laga raudvin og kvitvin utan at dei er særleg kjende.

Til mat

Vinho Verde: fin til skaldyr, men òg til fisk, eller som kosevin på terrassen
Minho, rosê: kaldtbord, terrasse
Bairrada rosê: lyst kjøtt, fisk, kaldtbord
Douro: storfe, smaksrikt lam eller fjørfe, vilt, grillmat
Dao: storfe, lam, gryteretter, grillmat
Bairrada raud: storfe, lam, hjort, smaksrikt fjørfe og småvilt

Druer

Raude druer: Baga, Bastardo, Touriga Nacional, Tinta Roriz (Tempranillo), Tinta Pinheiro

Kvite druer: Arinto, Moscatel, Malvasia, Verdelho, Alvarinho

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Andre vinområde