Hopp til innhald

Fagstoff

Pasta

Pasta er ei deigvare som blir laga av hardkveite. Fabrikkframstilt pasta har eit vassinnhald på cirka 13 prosent. Tørka pasta er hard og litt gjennomsiktig.

Heimelaga pasta

bilde av laging av hjemmelaget pasta

Pasta er laga av mjøl, egg, salt og eventuelt olje og andre smaksstoff. Elt ingrediensane saman i ein eltemaskin, eller bland dei i ein hurtigmiksar til ein glatt, seig masse. Deigen kan òg blandast for hand på eit bakebord. Etter blanding skal deigen kvile i cirka 30 minutt. Tillagingane under bestemmer korleis ein formar pastadeigen.

Hovudmåtane å lage til pasta på er:

  • Pastadeig i en pastamaskin. Foto.
    cannelloni
  • lasagne
  • makaroni
  • ravioli
  • spagetti
  • tagliatelle
  • tortellini
  • trådnudlar

Cannelloni

Form pastaen som røyr, kok dei al dente og avkjøl i kaldt vatn. Fyll røyra med farse, legg dei på eit eldfast fat og dekk med varm saus. Strø riven ost (parmesan) over og legg nokre smørklattar på. Gratiner i omn eller i salamander.

Lasagne

Bruk eit eldfast fat og ha litt béchamelsaus i botnen. Legg eit lag med lasagneplater. Hell så kjøttsaus over, deretter béchamelsaus og drys parmesanost over. Hald fram til fatet er nesten fullt. Avslutt med béchamelsaus og riven ost. Steik lasagnen i omn til innhaldet koker og osten er gyllen.

Makaroni

Makaroni skal kokast al dente og tillagast med forskjellige garnityr etter kva oppskrifta krev.

Ravioli

Ravioli er pasta som blir fylt med kjøttfyll, grønsaksfyll eller liknande og forma som små puter. Han skal kokast al dente og serverast med ein saus som passar til fyllet.

Spagetti

Spagetti er pasta forma som strimlar. Han skal kokast al dente og serverast med ulike typar sausar og garnityr etter kva oppskrifta krev.

Tagliatelle

Tagliatelle er pasta forma som band. Han skal kokast al dente og serverast med ulike typar sausar og garnityr etter kva oppskrifta krev.

Tortellini

Tortellini er pastaputer som er forma som ein trekant og deretter som ein ring. Elles har tortellini same framgangsmåten som ravioli.

Trådnudler

Trådnudlar har same forma som spagetti, men er noko tynnare. Elles har trådnudlar same framgangsmåten som spagetti.

Al dente: italiensk uttrykk brukt om spagetti og grønsaker som er mørkokte med ein litt hard (sprø) kjerne.

Gratinere: overtrekkje ein rett med ost eller mornaysaus, og deretter setje han i omnen med sterk overvarme slik at retten får ei gyllen skorpe.

CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Pasta