Hopp til innhald

Fagstoff

Bordeaux

Ærverdige slott, skyhøge prisar og vin som må lagrast i tiår før han er moden. Bordeaux er eit tradisjonsrikt område, men byr òg på lett tilgjengeleg og anvendeleg vin. Bordeaux-vin er kjend over heile verda – dyr vin frå mektige og berømte slott.
Kart over vinområda i Bordeaux. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er noko gammalmodig over Bordeaux, og kanskje er det dette klassiske, udødelege som sender prisane i taket for toppvinane.

Eit par ting må vi klargjere først som sist:

  • Vin frå Bordeaux er ikkje alltid god.

  • God vin frå Bordeaux er ikkje alltid dyr.

Bordeaux er ikkje berre raudvin frå støvete kjellarar. Her blir det òg laga drikkeklar raudvin, frisk og anvendeleg kvitvin, legendarisk søt vin og fruktig musserande vin. Det kan vere skummelt å bevege seg bort i Bordeaux-hylla, men kanskje er det lettare etter denne vesle innføringa? Først må vi nok fram med atlaset.

Klima og geografi

Det store skiljet i Bordeaux består av elvemunningen Gironde og elvane Garonne og Dordogne. På vestsida er det mykje grus i jorda, og drua cabernet sauvignon dominerer raudvinane. Merlot og cabernet franc blir brukt som blandingsdruer her.

På austsida er det meir leire i jorda, og det er drua merlot som dominerer raudvinane. Ofte opptrer ho åleine her i aust.

Bordeaux ligg ut mot kysten, vest i Frankrike. Klimaet er maritimt, og området ligg ved nordgrensa for kvar cabernet sauvignon kan bli moden. Den grushaldige jorda held på varmen og bidreg til at modninga ofte går bra.

Raudvin

På vestsida smaker blandingsvinane av cabernet sauvignon, merlot og cabernet franc generelt sett av solbær og andre mørke bær, men òg noko "jordleg" i retning av treverk, blyantspiss eller lêr. Lagring på fat gir krydderaromaer og vaniljepreg. Dette er faste, rike raudvinar.

Médoc er det mest prestisjetunge området, og nesten alle vinslotta frå den berømte klassifiseringa i 1855 ligg her ved Gironde-munningen. Underområde som Margaux, Paulliac og Saint-Estephe er blant dei mest kjende.

Graves og Pessac-Léognan er andre prestisjeområde som ligg noko lengre inne i landet, ved Garonne-elva.

På austsida gir merlotdrua vin som er meir rund og blaut i stilen, med smak av søtlege raude og mørke bær, plommer, lêr og krydder.

Pomerol og Saint-Emilion er dei viktigaste områda i aust. Desse ligg nord for Dordogne-elva.

Kvitvin

Mellom dei to elvane ligg området Entre-Deux-mers. Det blir dyrka ein del blå druer her òg, men området er mest kjent for kvitvinen sin.

Meir prestisjetungt er Pessac-Léognan, der mineralsk og sitrusprega kvitvin ligg lenge på fat og gjerne er på sitt beste etter mange år med modning.

Druene som blir brukte, er særleg sauvignon blanc og sémillon, som bidreg med høvesvis aromatiske frukttonar av eple, pære og stikkelsbær – og ekstra fylde og kropp til vinen.

Kvit bordeaux er friske, syrlege og fruktige vinar som passar godt til sjømat.

Dessertvin

Søt vin frå området Sauternes er ein av dei klassiske dessertvinane i verda. Sémillon-druene blir angripne av edelròte – soppen botrytis – og gir konsentrerte, rike vinar med aromaer av honning, gule frukter og krydder. Dei beste og dyraste utgåvene toler lagring i over 100 år.

Musserande

Som i dei fleste franske vinområde blir det laga boblande vin òg her. Sémillon er hovuddrua, og crémant de Bordeaux er gjerne friske, fruktige vinar med smak av eple, sitrus og grøne urter.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Frankrike