Hopp til innhald

Fagstoff

Generelt om formeiring hos dyr

Organismane på jorda formeirar seg instinktivt. Grunnlaget for artane si utvikling og overleving blir lagt gjennom kjønna formeiring og genetisk variasjon. For å sikre ei vellykka formeiring har organismane utvikla ei rekkje formeiringsåtferder, den eine meir forunderleg enn den andre.

Å overleve som art

Individa kjempar om mat og territorium, vandrar over store strekningar og tek i bruk mange ulike åtferdsmønster for å klare seg frå dag til dag. Det er likevel berre gjennom å få avkom at arten kan overleve.

Fiskeyngel fra ørret. Foto.

Generelt sett er det slik at artar som investerer mykje energi i å produsere mange kjønnsceller og få mange ungar, viser lita eller inga omsorg for avkommet. Fisk som gyter i dei frie vassmassane, er eit godt eksempel på dette. Artar som produserer få kjønnsceller og får få ungar, slik som apar, menneske og elefantar, investerer på si side desto meir tid og energi i omsorg og yngelpleie.

Eit mangfald av formeiringsmønster

Vi veit ikkje kor mange dyreartar det finst på jorda. Ein stad mellom 3 og 30 millionar er det realistisk å tenkje seg. Kvar art har sin i naturen, og artane konkurrerer heile tida med kvarandre. Som ein naturleg del av utviklinga døyr nokre artar ut, og nye artar oppstår.

Bjørner sloss. Foto.

Når mange artar er med i kampen for å overleve, vil det utvikle seg spesialtilpassingar som gir konkurransefordelar. Dette resulterer i stor variasjon i formeiringsstrategiar og -syklusar. Formeiringsåtferda er nesten like variert som talet på artar og er oftast sterkt knytt til miljøet arten lever i. Kampen for å vinne gunsten til hoa og retten til å formeire seg kan vere så intens at nokre individ døyr.

Parasittiske artar som bendelorm og malaria utnyttar andre organismar for å fullføre formeiringssyklusen sin.

Somme artar går til det heilt ekstreme for å få til formeiringa. Eit slikt eksempel er 17-års-sikadane frå Nord-Amerika.
Sikade i slekta Magicicada sit på eit blad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikadar frå slekta Magicicada er utbreidd aust i Nord-Amerika. Tre av dei sju artane har ein livssyklus på heile 17 år! (Hos dei resterande fire artane er livssyklusen «berre» 13 år.)

I mesteparten av livssyklusen held unge, ikkje fullt utvikla sikadar (nymfer) til under jorda, der dei lever av plantesaft frå røter til lauvtre. Etter 17 år svermar dei til overflata i ei nærmast ufatteleg mengd (opptil 375 000 per mål).

Nymfene kryp opp i trea der dei veks, går gjennom eit skalskifte og blir utvikla til vaksne individ i løpet av seks dagar. Hannane «syng» ein paringssong ved å vibrere spesielle membranar på bakkroppen. Dette trekkjer til seg hoene som hannane parar seg med.

Etter paringa lagar hoa V-forma groper i borken på trea og legg opptil 600 egg, 20 i kvar grop. Dei vaksne individa døyr når formeringsritualet er over, men egga blir klekte etter seks til ti veker, og dei nyfødde nymfene fell til bakken der dei grev seg ned.

No ser ingen sikadane igjen før om 17 år når formeiringssyklusen startar på nytt.

Frå vatn til land

Med få unntak formeirar alle dyr seg kjønna i løpet av livssyklusen sin. Då blir det genetiske materialet frå hannen og hoa blanda i ei befrukta eggcelle. Livet på jorda starta i havet, men har gradvis utvikla seg, og mange livsformer er tilpassa miljøforholda på land. Dette speglar seg i måten dyra formeirar seg på.

Mange artar som lever i vatn, gyter direkte i dei frie vassmassane. Eggcellene blir befrukta her, og zygoten som blir danna, utviklar seg til ein frittsymjande larve som lever og utviklar seg vidare i vatn.

Livssyklus hos frosk med rumpetrolli vann og voksen frosk på land. Illustrasjon.

Nokre landlevande dyr, slik som amfibium, vender tilbake til vatn for å gyte. Egga blir befrukta og utvikla i vatn. Larven som blir danna frå zygoten, held òg til i vatn, men utviklar seg gradvis til eit vakse individ som til slutt kryp opp på land og lever mesteparten av livet sitt der.

Eggleggende pattedyr. Foto.

Hos artar som har frigjort seg heilt frå eit liv i vatn, slik som krypdyr og fuglar, har det livsviktige behovet for fukt omkring fosteret blitt teke hand om ved å utvikle egg med skal. Nokre ganske få primitive pattedyr legg òg egg, men hos dei aller fleste pattedyra blir avkommet utvikla innvendig hos hoa, i ei livmor, der fosteret sym i fostervatn. Når vår eigen art er på fosterstadiet, badar vi i fostervatn med same saltinnhaldet som urhava på jorda hadde. Dette minner oss om den evolusjonære fortida vår i havet.

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Dyr og fisk