Hopp til innhald

Fagstoff

Fenotypisk plastisitet og epigenetikk

"Født sånn eller blitt sånn?" Hva er det som bestemmer hvordan et individ utvikler seg? Det er kjent at både arv og miljø påvirker oss, men det er mindre kjent hvordan dette skjer. Rekkefølgen av baser i DNA styrer (heldigvis) ikke alt.

"Fødd sånn eller blitt sånn?" Kva er det som bestemmer korleis eit individ utviklar seg? Det er kjent at både arv og miljø påverkar oss, men det er mindre kjent korleis dette skjer. Rekkjefølgja av basar i DNA styrer (heldigvis) ikkje alt.

Plante som vokser i vann. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fenotypisk plastisitet

Det er nokså vanleg at organismar, spesielt plantar og insekt, kan endre avhengig av miljøet. Dette blir kalla fenotypisk plastisitet og er variasjonen i fenotypar éin bestemt genotype kan gi under ulike miljøvilkår. Individ med fenotypisk plastisitet kan dermed tilpasse seg endringar i miljøet utan at genotypen blir endra. (Hos økotypar har individa ein genotype som er tilpassa eit bestemt miljøforhold.) Evna til fenotypisk plastisitet og sjølve variasjonsbreidda er avhengig av genetikken.

Fenomenet er spesielt tydeleg hos vassplantar med oppdelte undervassblad og heile flyteblad. Dette er tilpassingar til gassutveksling høvesvis under vatn og i luft.

Epigenetikk – miljøet påverker gena

kromoson med brytere. illustrasjon

Ei rekkje mekanismar medverkar til å skru gen på og av. Dette fagfeltet blir kalla epigenetikk og er eit heitt forskingstema.

Alle celler i kroppen vår inneheld den same genetiske koden. Epigenetiske endringar som styrer kva gen som skal vere aktive, er påverka av miljø og livsstil. Det som er nytt og oppsiktsvekkjande, er at slike epigenetiske endringar som er utløyste av utløysingsmekanismar i miljøet, faktisk kan gå i arv.

Portrett, tegnet.

Dette gjer den tidlegare latterleggjorde evolusjonsteorien til Jean-Baptiste de Lamarck (1744–1829) meir aktuell enn nokosinne. Han meinte at erverva eigenskapar kunne gå i arv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre Grundt og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Variasjon innan og mellom populasjonar