Tilbake

Innhald

Lastar

Ordbok

Slå opp forskjellige ord og uttrykk relatert til matlaging.

Måleeiningar

Måleeiningar er ein viktig del av matlaging. Lær meir her.

Råvarer

Her finn du meir informasjon om dei ulike råvarene.

Kjøkkenskuffa

Afrikansk kylling Yassa

Oppskrift

< Bilete 1 av 1 > Opphavsrett, bilete: Aline Princet , StockFood, NTB scanpix

Ingrediensar

  • 1 stk kylling

Yassamarinade løksaus:

  • 2 stk løk
  • 4 stk kvitløk fedd
  • 1 dl soyaolje
  • 0.1 dl sitronsaft
  • 0.1 dl kvitvinseddik
  • 2 stk laurbærblad
  • 5 g dijonsennep
  • 10 g soyasaus
  • 1 stk rød chili
  • 2 g kajennepepar
  • 2.5 dl hønsebuljong

Grønnsaker

  • 4 stk gulrot
  • 4 stk aspargesbønner

Couscous

  • 240 g couscousgryn
  • 2 dl kikerter
  • 0.5 dl rosiner

Framgangsmåte

  1. Del kyllingen i 8 serveringsstykke. Finhakk løk og kvitløk. Bland saman alle ingrediensane til marinaden, unntatt buljong. Legg kyllingstykka og løk i marinaden. Mariner i minst 1 time, eller gjerne over natta.
  2. Ta opp kyllingstykka, tørk lett av dei og legg dei i ei smurt, eldfast form. Dryss eventuelt litt ekstra paprikapulver over kyllingstykka. Sett forma midt i ovnen ved 200 °C og steik i om lag 30 minutt eller til kyllingstykka er gjennomsteikte.
  3. Ha løk, marinade og buljong i ein kjele og la det putre på svak varme medan kyllingstykka steiker. Smak til med litt sukker og eventuelt meir krydder. Del opp grønsakene i passe store bitar og legg dei i sausen dei siste minutta av koketida.
  4. Lag til couscousCouscous består av durumkveite og er mykje brukt i Marokko. Han kan brukast i staden for ris eller anna tilbehøyr og smaker veldig godt. Couscous får du kjøpt i dei fleste butikkar, og tillaginga er enkel og tek kort tid. (Kjelde: matprat.no) som vist på pakken. Vend inn hermetiske kikerter og rosiner. Anrett couscousen på eit stort fat og lag ei lita grop i midten. Legg på kyllingstykke, løksaus og grønnsaker. Server gjerne brød ved sida av.
Opphavsrett, oppskrift: Ketil Lyngvær

Søk