Hopp til innhald

Fagstoff

Demokrati og menneskerettar

Hverken menneskerettane eller demokratiet er sjølvsagde. Store delar av verdsbefolkninga lever i statar utan demokrati, og for desse er menneskerettane noko fjernt og uoppnåeleg. Men også i demokrati blir menneskerettane brotne.
Demonstrasjon mot Guantanamoleiren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Einskildindividet

Individet er det sentrale både i eit demokrati og for menneskerettane. Det einskilde mennesket får gjennom demokratiet høve til å påverke og delta i styret gjennom røysta si. Menneskerettane gir statane plikt til å oppfylle dei rettane einskildindividet har overfor staten.

Utdanning og deltaking

Utdanning er ein klar styrke i høve til demokrati og menneskerettar. Det har ikkje berre verdi for einskildmennesket, men også for samfunnet og utviklinga av det. Skal ein kunne delta i utviklinga av eit samfunn, er det viktig å kunne lese og skrive. Det er ikkje berre ein liten utdanna elite som skal kunne delta i ein demokratiseringsprosess, men heile befolkninga med alle dei ulike sosiale og etniske gruppene som finst der, må komme med. Det å utdanne eit barn er derfor ei investering for framtida.

Men skal ein kunne uttrykkje rettane sine, held det ikkje å ha utdanning og kunne lese og skrive. Det føreset også at ein har fridom til å vere deltakar i samfunnet. Det vil seie at ein til dømes må vere fri til å diskutere politikk, medverke i opinionsgrupper og kritisere styresmaktene.

Menneskerettserklæringa

Verdserklæringa om menneskerettane er ikkje juridisk bindande, og vi ser stadig døme på at menneskerettane blir brotne utan at dette får konsekvensar for styresmaktene i landa det gjeld. Opposisjonelle blir fengsla i land som Kenya, Burma og Libya, ytringsfridomen er innskrenka i nabolandet vårt Russland, og barnearbeid er utbreitt i land som India og Kina.

Bloggar i fengsel

Studenten og bloggaren Kareem Amer blei i 2007 dømd til fire års fengsel i Egypt. Kareems brotsverk var at han hadde lagt ut kritiske tekstar om islam og den egyptiske presidenten Mohamed Hosni Mubarak på Internett. Den første tida skal han ha blitt banka opp under leiing av ein fengselsbetjent. Studenten blei også plassert i ei disiplinærcelle, iført handjern og med beina bundne. Etter nokre dagar blei han flytta til ein del av fengselet reservert for politiske fangar. I 2009 blei dommen godkjend av høgsteretten. I november 2010 hadde Kareem sona alle fire åra av straffa og blei lauslaten.

Kareem Amer bur i dag i Bergen. Han er Bergens fribyforfattar. Han kom til Bergen mot slutten av 2012 og skal vere fribyforfattar i eit år til. Han held fram med å blogge og ytre seg blant anna på Twitter frå Bergen, og han har som mål å skrive ei bok om erfaringane frå egyptiske fengsel.

Kjelde: Bergen bibliotek: om Kareem Amer

Alle land har suveren handlingsfridom innanfor eigne grenser. Dette er ein gjensidig overeinskomst mellom alle land i verda og er nedfelt i folkeretten som regulerer forholdet mellom statar. Slik blir menneskerettane berre å sjå på som retningsgivande og ikkje som universell plikt.

Kva kan så verdssamfunnet gjere om eit land gjentekne gonger bryt menneskerettane? I slike tilfelle kjem verdssamfunnet i eit dilemma og må vurdere kva som er viktigast; respekten for menneskerettane eller suvereniteten til eit land, og det skal veldig mykje til før verdssamfunnet grip inn overfor ein annan stat. Derfor kan diktatoriske regime styre nokså uforstyrra.

Men FN har nokre verkemiddel som dei bruker. Dei kan fordømme staten det gjeld, eller oppfordre andre statar til å delta i sanksjonar. I somme tilfelle kan FN også vurdere ein humanitær intervensjon ved hjelp av FN-styrkar. Alliansar eller einskildstatar kan også intervenere militært i statar ein meiner gjer grove brott på menneskerettane, eller som blir oppfatta som eit trugsmål mot verdssamfunnet. Døme på dette er USA si krigføring i Irak, ISAF-styrkane i Afghanistan og bombinga NATO gjorde i Bosnia.

Kan demokrati og menneskerettar førebyggje konfliktar?

Både FN og EU strekar under at det er viktig å sjå menneskerettane som noko universelt, og som sentrale element i demokratisering og utvikling. Eit område med stabile demokrati og respekt for individuelle rettar vil ikkje vere så utsett for konfliktar. I stabile demokrati har ein eit rettssystem som fungerer til beste for befolkninga, og innbyggjarane er sjølve med på å påverke styret av landet gjennom røysteretten sin.

Slik er det ikkje i totalitære statar med skeiv maktfordeling og manglande respekt for ulike grupperingar og individ. Dette er også ein av grunnane til at Noreg arbeider for å fremje menneskerettar og demokrati i internasjonale forum.
Kva så med det demokratiske Noreg? Ser vi brott på menneskerettane også her?

Både i psykiatrien og i kriminalomsorga i Noreg blir tvang brukt som eit verkemiddel. Dette er i strid med menneskerettane.

Artikkel 5 i menneskerettane

Ingen må blir utsette for tortur eller grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Kjelde: Menneskerettserklæringa, FN

Ein Sintef-rapport frå 2007 dokumenterte at bruken av tvang aukar overfor pasientgrupper som psykisk utviklingshemma, demente og psykisk sjuke. Vidare blei det avdekt at nesten halvparten av dei som blei tvangsinnlagde, var bustadlause og hadde låg sosial status. Dette kan tyde på at bruk av tvang heng saman med fattigdomsproblematikk og bustadløyse. Resultata frå rapporten gir mørke parallellar til styresmaktene sin bruk av tvang overfor taterane og romanifolket til ut i 1980-åra. I februar 2009 melde Amnesty International norske styresmakter inn for Den europeiske torturkomitéen CPT fordi dei meiner psykiatriske pasientar blir behandla kritikkverdig og i strid med menneskerettane.

Likskap for lova

Verdserklæringa for menneskerettane slår fast at eit samfunn må kunne setje inn tiltak når fridomen og rettane til individa blir krenkte. I ein rettsstat har alle innbyggjarane likt juridisk vern, og lovene skal vere med på å regulere og avgrense maktbruken til styresmaktene overfor einskildindividet. Vidare er det avgjerande at alle full ut er like for lova. Ingen skal kunne dømmast før dei har fått ein rettferdig dom av ein domstol som er uavhengig av styresmaktene.

Motsatsen til dette ser vi i autoritære statar der dei demokratiske rettsprinsippa blir sette til side, og rettssystemet blir brukt til å kontrollere befolkninga og tvinge opposisjonelle i kne.

Demokrati for dei få

Trass i overgrepa som gjentek seg også i Noreg, lever vi i eit av dei mest demokratiske landa i verda, der rettstryggleiken er høg. Berre 14,4 % av menneska i verda lever som oss i eit fullverdig demokrati. 34,9 % lever i autoritære regime. Talla seier mykje om utfordringane verdssamfunnet står overfor. Viss det da er slik at det er den vestlege demokratimodellen som er oppskrifta på den gode staten?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2017

Læringsressursar

Demokrati, rettsstat og menneskerettar