Hopp til innhald

Slangeagurk

Agurk kjem opphavleg frå India, der han framleis veks vilt ved foten av Himalaya. Vi kjenner til at han vart dyrka i Kina for over 3000 år sidan, og at han kom til Noreg på 1600-talet.
Ein hel og ein oppskjært agurk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tzatziki i ein liten bolle. Foto.

Det finst mange typar agurk, men mest vanleg i handelen er slangeagurken, også kalla salatagurk. Han er avlang, mørkt grøn og rund i forma, og smaken er mild og god. Fruktkjøtet er kvitt, saftig og mjukt. Agurk er utan tvil ei av dei grønsakene som blir mest eten her i landet, og han blir dyrka i Noreg heile året.

Bruksområde

Agurkplante med agurk. Foto.

Agurk kan nyttast til salat i mange variantar, kutta i skiver eller terningar. Agurk blir også nytta som pålegg på smørbrød saman med ost, tomat, kaviar og så vidare. Til fiskeretter og pasta er agurk ei mykje nytta grønsak.

Næringsinnhald

Agurk er mager kost og blir med sine 10 kaloriar per 100 g rekna som god slankemat. Han inneheld mykje vatn og har låg næringsverdi, men inneheld likevel noko A- og C-vitamin i tillegg til kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Agurk skal vere mørkegrøn i fargen og fast i konsistensen. Skalet er lett knudrete eller glatt. Agurk skal vere velforma og ikkje for sterkt bøygd. Han skal også vere fri for prikkar og mjuke flekker.

Film om dyrking av agurk ved Solberg Gartneri (frå Opplysningskontoret for frukt og grønt).

Hugselappen

Sesong:

Norsk sesong på friland: april–oktober. Blir dyrka året rundt i veksthus.

Med andre ord:

latin: Cucumeris
engelsk: cucumber
tysk: Gurke
fransk: concombre

Lagring:

12° C. Agurken tek skade av både lågare og høgare temperaturar. Pakkar du agurken i plast, vernar du han mot uttørking og etylenpåverknad.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020