Hopp til innhald

Asparges, grøn

Asparges er ein gammal kulturplante som er kjend heilt frå romartida. I dag blir han dyrka i Noreg og over heile verda. Det finst både kvit, lilla og grøn asparges.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grøn asparges blir ikkje tildekt under dyrking, og han får grønfargen fordi han veks fram over jorda i sollys. Smaken er mild og fin. Tjukkleik og lengd kan variere noko frå land til land.

Grøn asparges. Foto.

Bruk

Asparges kan kokast og blir eten som forrett eller hovudrett. Han har svært aromatisk og fin smak og eignar seg derfor godt som tilbehøyr til steikt og røykt kjøt og i fiskeretter. Den nedste delen av stilken, ca. 1–2 cm, skal kuttast av før koking. Asparges må koke i 3–5 minutt avhengig av tjukkleiken. Det er ein fordel å bunte asparges saman med hyssing under koking. Då er det lettare å halde dei heile.

Aspargessuppe. Foto.

Det er dei unge skota på aspargesen som blir nytta i mat. Dei er om lag 10–15 cm lange.

Dampa asparges med fenadlår. Foto.

Kvalitetskrav

Aspargesskota skal vere rette i forma og faste i konsistensen. Stilken skal vere saftfull, frisk og sprø, mens toppen skal vere tett og heil. Asparges skal ikkje vere treen eller ha mørke flekker. Storleiken på aspargesen seier ikkje noko om kvaliteten på vara.

Næringsinnhald

Asparges er svært kalorifattig. Han inneheld noko kalsium, jern og fosfor i tillegg til A- og C-vitamin. Grøn asparges har dessutan større næringsverdi enn kvit. Asparges verkar .

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.


Hugselappen

Norsk sesong:

april–juni

Med andre ord:

latin: Asparagus officinalis
engelsk: asparagus
tysk: Gemüsespargel
fransk: asperge

Lagring:

2–4 ºC

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020