Hopp til innhald

Blomkål

Blomkål kjem opphavleg frå landa rundt Middelhavet, men blir no dyrka over store delar av verda.
Blomkål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Botanisk sett er blomkålen litt spesiell sidan han består av mange små samanvaksne blomsterbukettar. Han er dermed ein uutvikla blomsterstand omkransa av grøne blad, og det er dette som har gjort at han har fått namnet blomkål, som tyder kålblomster eller blomstrande kål. Blomkål er mild på smak med sprø konsistens i bukettane.

Bruksområde

Ei skål med kvit suppe med delte blomkålbukettar i. Foto.

Blomkål er nydeleg kokt, gratinert, frityrsteikt og i kremar, supper, gratengar, gryter, wok og stuingar. Rå blomkål i små bukettar er godt i salatar eller som snack. Blomkål i tjukke skiver er nydeleg å grille. Raspa blomkål kan brukast i staden for ris.

Kvalitetskrav

Blomkålhovudet skal vere fast, tett og sprøtt. Fargen skal vere kvit eller kremfarga. Blada skal vere friske og sprø utan teikn til misfarging eller at dei losnar. Blomkål treng varsam behandling. Han får elles lett mørke flekker.

Næringsinnhald

Blomkål har både lågt energiinnhald og lågt feittinnhald. Blomkål har eit høgt innhald av protein, vitamin C og kostfiber.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–oktober

Utbreiing:

Blir dyrka over heile verda.

Med andre ord:

latin: Brassica
engelsk: cauliflower
tysk: Blumenkohl
fransk: chou-fleur

Lagringstemperatur:

0–2 °C

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 12.08.2022