Hopp til innhald

Fennikel

Fennikel har frå tidleg av vore kjend i Asia og i middelhavslanda som krydderplante. Etter kvart byrja ein også å nytte han som grønsak. Fennikel har kraftige bladslirer som dannar ein stor knoll. Knollen er kvit, sidan han veks under jorda.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fennikel har sterk lukt. Smaken er aromatisk og kan minne om lakris eller anis. Fruktkjøtet er mjukt og saftig. Fennikelen blir i dag importert til Noreg frå Italia, Spania og Nederland, og han finst i ulike variantar.

Fennikel som veks i ein åker. Foto.

Bruksområde

Vi kan nytte fennikel både rå og kokt. Reinsk og skyl stilkane godt, og skrap dei ytste trevlane av dei tjukkaste stilkane. Dei friske skota som ofte følgjer med, kan vi nytte som dill. Rå fennikel kan vi ha i salatar, eller vi kan ete han som snacks til dipp. Han kan også nyttast rå til ostebordet. Skjer då fennikelen frå botnen av slik at han deler seg i skiver som ein lauk. Fennikel kan også kokast, men då bør han først delast i store bitar. Han skal koke i berre nokre minutt, slik at han held spensten. Kokt fennikel er nydeleg til lammekjøt og fiskeretter og blir mykje nytta i det italienske kjøkkenet. Fennikel kan også gratinerast.

Kvalitetskrav

Fennikel skal vere kvit og fast utan teikn til misfarging, mørke flekker eller slim. Skota skal vere friske med sterk grønfarge. Skota på toppen skal ikkje vere tørka ut eller ha teikn til gulning.

Næringsinnhald

Fennikelen er ei næringsrik grønsak. Han inneheld mykje A- og C-vitamin. Det blir òg sagt at fennikel har ein gunstig effekt på fordøyinga.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om korleis du lagar til fennikel (Lise Finckenhagen for Bama, publisert på YouTube).

Norsk sesong:

juli–september

Med andre ord:

latin: Foenicullum vulgare
engelsk: fennel
tysk: Knollenfenchel
fransk: fenouil

Lagring:

0–4 ºC. Fennikel kan lagrast i kjøleskåp. Der blir han òg verna mot sterkt lys og uttørking.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020