Hopp til innhald

Gulrot

Gulrot er ein toårig vekst i skjermplantefamilien, som opphavleg kjem frå Midtausten og Sentral-Asia. Der har ho vore dyrka i minst 2000 år.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arabarane tok med gulrot til Spania for ca. 1000 år sidan, og herfrå har ho spreidd seg til resten av Europa. Gulrot trivst både i varme og i kalde strøk og blir dyrka over store delar av verda.

Grønsaker til kraft. Foto.

Variantar

Den friske, oransje fargen kjem av betakaroten. Det finst mange ulike typar gulrot, og dei varierer i storleik, fasong og farge. I tillegg til den vanlege oransje gulrota finst det svarte, lilla, gule og kvite gulrøter. Dei lilla gulrøtene vart først nytta som fargestoff, og først på 1800-talet vart det populært å dyrke dei oransje gulrøtene vi kjenner best.

Nokre gulrøter blir lange og spisse, andre meir butte i fasongen, og nokre nesten heilt runde. Gulrot er ei av dei mest nytta grønsakene i Noreg. Dei blir selde både i buntar med graset på og pakka i posar eller beger.

 Saftig gulrotkake med glasur. Foto.

Minigulrøter er små gulrøter som er mest nytta i storhushaldsmarknaden. Dei er svært tynne og er om lag 8–10 cm lange eller mindre. Minigulrøter blir selde med graset på. Vi får nokre norske gulrøter om hausten, elles importerer vi resten av året.

Bruksområde

Glas med gulrotjus, brokkoli og frukt. Foto.
 Ei skål gulrotsuppe med graslauk. Foto.

Vi et gulrota anten kokt eller som råkost. Rå gulrot er fint som mellommåltid eller som eit tilskot i matpakka. Rå, riven gulrot passar godt til steikt fisk. Kokt gulrot er passande tilbehøyr til dei fleste kjøt- og fiskeretter. Gulrot blir nytta i supper, gryter og stuingar og eignar seg godt til wok. Ho blir også nytta i pickles og til og med i kaker. Gulrøter er også fine å nytte i rotmos og set ein ekstra spiss på potetmosen, både med smak og med farge.

Kvalitetskrav

Gulrot skal vere fast og fri for brune flekker og framand smak eller lukt. Gulrot skal vere utan sprekkar eller misfarging i toppen. Vaska gulrot skal vere heil og rein. På buntgulrot skal graset vere friskt og grønt.

Næringsinnhald

Gulrota er rik på betakaroten, som blir til A-vitamin i kroppen vår. Elles inneheld ho ein del av dei andre vitamina og i tillegg kalium, jern og masse fiber. Kokte og mosa gulrøter inneheld heile tre gonger så mykje antioksidantar som rå gulrøter. Når gulrøtene blir kokte og mosa, blir antioksidantane frigjorde.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

januar–desember

Med andre ord:

latin: Daucus carota
engelsk: carrot
tysk: Karotte
fransk: carotte

Lagring:

0–2 °C. Haldbarheita er avhengig av luftfukta. På spesiallager med høg luftfukt og låg temperatur er gulrota haldbar i mange månader.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020