Hopp til innhald

Morellar

Morellar er ei steinfrukt og i slekt med plommer. Morellar og kirsebær vert ofte omtalte om kvarandre, men kirsebær er eigentleg ei nemning som omfattar to hovudgrupper: søtkirsebær, som i Noreg vert kalla for morellar, og surkirsebær, som vi her kallar kirsebær.
Ein klase med morellar på ei grein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Morellar kjem opphavleg frå Kina, der dei har vore dyrka i over 4000 år. Dei vert no dyrka i Europa, og vi har ein viss produksjon i Noreg også. Morellar finst i ei rekkje ulike variantar og i fleire fargar. Vi har gule, gulraude, mørkeraude eller nesten svarte. Dei vert derfor delte inn i to hovudgrupper. Den eine gruppa er lyse morellar som har ein noko større stein enn den mørke. Den andre er ein mørk variant som har eit noko fastare fruktkjøt. Morellar har god og søt smak.

Bruksområde

Ei skål med nyplukkede morellar. Foto.

Morellar har ein søt og mild smak og vert etne naturelle som frisk frukt. Dei kan takast med i fruktsalat eller serverast til dessert saman med is. Morellar kan også serverast til ost.

Kvalitetskrav

Morellar skal vera reine, heile, faste i skalet og utan sprekker eller andre skadar. Dei skal også vera fri for skadar påførte av insekt og fuglar. Skalet skal vera blankt utan mjuke eller mørke flekker.

Næringsinnhald

Morellar er kalorifattige. Dei inneheld ein del jern og fosfor i tillegg til A-, B- og C-vitamin.

Morelltrær i blomstring. Foto.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Lagring

0–2°C. Morellar har kort haldbarheit og bør lagrast så nær 0–2 °C som mogleg, og med høg luftfukt.

Norsk sesong

Juni-juli.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020