Hopp til innhald

Nepe

Nepe er ein gammal kulturplante som hadde stor ernæringsmessig verdi før poteta kom. Nepe blir hausta ganske tidleg og får berre vekse i ca. 6 veker før ho blir teken opp. Den kvite, runde rotfrukta er på dette stadiet lita med ein diameter på 8–10 cm.
 Nepe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidleg hausta nepe er ei velsmakande delikatesse med sin milde og nydelege smak. Viss nepa får vekse lenger, blir ho større, og smaken blir beisk og konsistensen hard eller treen. Neper finst også i fleire variantar, og forma kan vere rund, oval eller avlang.

Andebryst med eple, nepe, rabarbra og appelsinsaus. Foto.

Bruksområde

Vi skreller nepa før bruk. Ho kan rivast og nyttast til råkost eller i salat, eller ho kan skjerast i skiver, kokast i lettsalta vatn og gjerne serverast med smør eller nyttast som tilbehøyr til kjøt. Nepa kan også stuast, gratinerast eller vere ingrediens i gryter eller supper.

Kvalitetskrav

Neper blir selde i buntar og skal vere kvite, gjerne med ein fiolett, grøn eller gul farge øvst rundt bladfestet. Dei skal vere heile, reine, harde og fri for skadar og sliming.

Næringsinnhald

Nepa er kalorifattig. Ho inneheld noko C-vitamin, jern og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–desember

Med andre ord:

latin: Brassica rapa subs. rapa
engelsk: turnip
tysk: Mairübe
fransk: navet

Lagring:

0–2 °C. Neper som er hausta tidleg, eignar seg ikkje for langtidslagring og må lagrast kjølig og mørkt med høg luftfukt.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020