Hopp til innhald

Pærer

Pære er ei av dei eldste fruktene vi kjenner til, og dyrking skal ha skjedd allereie 3 000 år f.Kr. Her i landet har frukta vore kjend sidan mellomalderen og finst i dag i ei rekkje ulike variantar. Mesteparten av dei pærene som vert omsette i Noreg, er importerte.
Ein klase med pærer på eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pærer krev eit varmare og tørrare klima enn eple, og produksjonen i Noreg er liten. Dei fleste pærene er grøne i skalet, men det finst også raude, brune og gulgrøne. Fruktkjøtet er kvitt og hardt før pæra er mogen. Mogen pære er mjuk og saftig med aromatisk smak.

Bruksområde

Pære Belle Helene. Foto

Vi et pærer naturell. Dei smakar best mogne, og dei ettermognar lett i romtemperatur om dei er harde. Er pæra mogen, bør ho ikkje liggja lenge før ho vert eten. Pære passar fint som mellommåltid, etter eit måltid eller saman med ost. Pære kan også nyttast i fruktsalat, bakverk, dessertar eller paiar, eller dei kan hermetiserast.

Kvalitetskrav

Mogne pærer i pæretre. Foto.

Pærer skal vera faste i konsistensen og fri for støytskadar. Dei skal vera heile, ha stilken på og ikkje visa teikn til innskrumping eller mørke flekker i skalet. Kvaliteten kan variera etter sort og dyrkingsstad. Form, farge og smak skal vera typisk for sorten, og storleiken i kassa skal vera jamn.

Næringsinnhald

Pæra er fiberrik og mager. Ho inneheld litt mineral og vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Lagring

1–2 °C. Kor haldbare pærer er, kan variera ein del alt etter sort, dyrkingsland og lagringsvilkår. Det er viktig å halda temperaturen så låg som råd og ha rett luftfukt.

Norsk sesong

September til oktober.

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020