Hopp til innhald

Romanesco

Romanesco kan ved første augekast sjå ut som ein grøn blomkål, sidan fasongen er heilt lik, men bukettane har ei spiss form, og ikkje rund som på grøn blomkål.
Romanesco. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Romanesco er ei kryssing mellom blomkål og brokkoli, og har først kome på marknaden dei seinare åra. Smaken er mild og fin og minner om blomkål.

Bruksområde

Romanesco blir nytta på same måte som blomkål. Han eignar seg godt til å bli eten rå, kokt, gratinert eller frityrsteikt. Rå romanesco kan delast opp i små bukettar og nyttast i grønsakfat, som tilbehøyr i salatar eller som rein snacks. Kokt romanesco eignar seg bra til kjøt- og fiskeretter. Ettersom romanesco lett kan misse noko av fargen under tillaginga, er det viktig at han blir forvella på rett måte, og at bukettane er like store.

Kvalitetskrav

Romanesco skal vere fast, tett og sprø. Fargen skal vere lys grøn. Blada skal vere friske og sprø utan teikn til misfarging eller at dei losnar. Romanesco treng varsam behandling. Han får elles lett mørke flekker.

Næringsinnhald

Romanesco er mager kost slik som blomkål, med høgt innhald av vitamin og mineral. Han er mettande og fiberrik.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–september

Med andre ord:

latin: Brassica oleracea broccolo
engelsk: romanesco
tysk: Romanesco
fransk: romanesco

Lagring:

0–2 °C. Romanesco av god kvalitet eignar seg godt til lagring dersom lagringsvilkåra er optimale. Dette krev høg luftfukt, låg temperatur og vern mot trekk.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020