Hopp til innhald

Savoikål

Savoikål er ein kålvariant oppdaga i Savoie-distriktet i Frankrike. Han er mørkegrøn i fargen med overgang til gult i blada.
Savoykål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kålen har store, krusete kålblad som vender utover og omkransar sjølve kålhovudet. Hovudet er fast og sprøtt, men noko mindre tettpakka enn hos hovudkål. Savoikål har ein mild og fin kålsmak og kan nyttast på mange måtar.

Kålrulettar med savoikål og kjøtdeig. Foto.

Bruksområde

Savoikål er fin å nytte kutta til råkost sidan han er mild i smak, sprø og dekorativ. Han kan òg kuttast i kløfter og smørdampast eller nyttast til kålrulettar. Savoikål kan stort sett nyttast til det same som annan kvit kål. I tillegg er han svært dekorativ.

Kvalitetskrav

Savoikål skal ha eit fast hovud med sprø og saftige blad. Fargen skal vere mørk grøn med tjukke, gulkvite bladnervar.

Næringsinnhald

Savoikål er rik på A- og C-vitamin. Han inneheld også jern og kalsium. Savoikål er velsmakande og lett å nytte.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

August–november

Med andre ord:

latin: Brassica oleracea sabauda
engelsk: savoy cabbage
tysk: Wirsingkohl
fransk: chou de Milan, chou de Savoie

Lagring:

0–2 °C. Haldbarheita for savoikål er kortare enn for vanleg hovudkål.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020