Hopp til innhald

Spinat

Spinat er ei bladgrønsak som opphavleg kjem frå Asia. Spinat er ein eittårig plante.
Spinatblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spinat har ein behageleg smak, som kjem av at spinat inneheld oksalsyre. Fordi spinat har heller kort haldbarheit, går det meste av produksjonen til næringsmiddelindustrien. Blada er 3–30 centimeter lange og 1–15 centimeter breie.

Sesong

Spinat. Foto.

Spinaten blir dyrka i drivhus, og i jorda utandørs når det er sommar. Han er derfor tilgjengeleg heile året.

Krema spinat med rømme. Foto.

Bruk

Spinat har eit breitt bruksområde. Spinat passar godt saman med ost, smør, fløyte og egg. Ein klassikar er krema spinat, som passar ypparleg til fisk, særleg røykjelaks. Spinat passar òg særleg godt i gryteretter med frukt (slik er han mykje brukt i kjøkkena i Midtausten) og i terter og paiar som blir laga i Frankrike, Italia og Hellas. Spinat eignar seg dessutan framifrå i suppe, sufflé og mos. Vidare er han ideell til linser, kikerter, bønner og poteter, og i wokretter, anten åleine eller saman med andre ingrediensar. Skyld, hakka spinat er òg nydeleg i grøn salat.

Næringsinnhald

Spinat er ei svært god kjelde til jern, kalium, C-vitamin og kalsium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juli–september

Med andre ord:

latin: Spinacia oleracea
engelsk: spinach
tysk: Spinat
fransk: èpinards

Lagring:

0–2 °C. Spinat må lagrast mørkt og kjølig og må ikkje utsetjast for trekk eller etylen. Frisk spinat har ei haldbarheit på 2–5 dagar i kjøleskåpet.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020