Hopp til innhald

Squash

Squash er ei grønsak med mange ulike namn. I fleire land blir ho kalla zucchini. Det er italiensk og tyder «lite graskar». Squash høyrer nemleg til graskarfamilien, men i motsetnad til graskar blir squashen hausta i umogen tilstand mens skal og fruktkjøt framleis er mjukt.
Gul squash. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Squash liknar på ein agurk av utsjånad, men han er noko kortare, og forma er rund eller sekskanta. Fruktkjøtet har ein fast og jamn konsistens med ein nøytral smak. Skalet er mørkegrønt, grønstripete eller gult.

Ratatouille. Foto.

Bruksområde

Squash har i seg sjølv lite smak, men han tek gjerne opp smak om han blir kokt eller steikt saman med noko anna. Rå, grøn squash kan nyttast til det same som agurk. Vi kan nytte han i ulike salatar kutta i skiver eller bitar, og også til ost eller garnityr. Gul squash bør varmebehandlast. Lett kokt eller steikt er squash ypparleg som tilbehøyr til kjøt eller fisk. Squash kan også delast i to, fyllast med kjøtdeig og hakka lauk og steikjast i omnen. Han er sjølvsagd i ratatouille, ei fransk grønsakgryte.

Kvalitetskrav

Squash skal vere velforma og ikkje for sterkt bøygd. Han skal ha ein fast og fin konsistens utan mørke eller mjuke flekker i skalet. Skalet skal vere glatt eller lett knudrete.

Næringsinnhald

Squash er mager kost med sine 15 kaloriar per 100 gram. Han består av 95 prosent vatn og inneheld jern og noko A-, B- og C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–oktober

Med andre ord:

latin: Cucurbita pepo
engelsk: summer squash, courgette, zucchini
tysk: Courgette, Zucchini
gransk: courgette

Lagring:

5–8 °C. Squashen må ikkje lagrast under 4 gradar, ettersom det kan skada han. Han må ha høg luftfukt for å ikkje tørka ut.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020