Hopp til innhald

Stongselleri (stilkselleri)

Stongselleri blir også kalla for stilkselleri og er ein toårig urt. Han kjem frå Asia, men var kjend i Europa allereie under stormaktstida til Romarriket.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stongsellerien er i nær slekt med sellerirot, men dannar ikkje knoll. Det er berre den nedste delen av dei lange, saftige og sprø stilkane som er handelsvare.

Fargen kan variere frå lys gul til mørk grøn. Det latinske artsnamnet er graveolens, som betyr «sterkt luktande». Selleri har altså ei kraftig lukt, men ein mild, karakteristisk smak.

Bruksområde

Stongselleri blir nytta rå som tilbehøyr til ost, og som snacks åleine eller saman med dipp. Han blir nytta i salatar, mellom anna waldorfsalat, der han er ein viktig ingrediens. Vi kan også koke, smørdampe eller steikje han og nytta han som tilbehøyr til kjøt. Stongselleri eignar seg godt i wok.

Kvalitetskrav

Stongselleri blir seld med toppen avskoren, men bortsett frå det skal stilkane vere heile, sprø og friske. Han skal ikkje ha mjuke flekker eller ròte. Blada skal ha ein frisk grønfarge.

Næringsinnhald

Stongselleri er kalorifattig, men inneheld mykje kalium. Han inneheld også noko vitamin B og C, og minerala kalsium, fosfor og magnesium. Selleri har frå gammalt av vore nytta som medisinsk urt, og det er hevda at han har god effekt på fordøyinga.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–desember

Med andre ord:

latin: Apium graveolens var. dulce
engelsk: celery, celery heart
tysk: Schnittsellerie, Stangsellerie
fransk: céleri à couper

Lagring:

0–2 °C

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020