Hopp til innhald

Sukkererter

Sukkererter kjem opphavleg frå Vest-Asia, men blir no dyrka både i Noreg, i Europa og i USA. Sukkererter er lysegrøne, flate belger med små, lite utvikla erter i. Konsistensen er sprø, og dei er lette å knekkje.
Sukkererter i belgkapsel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heile belgen kan etast, og smaken er god og søt. «Mange tout» som dei heiter på fransk, tyder «et alt». Sukkererter er den varianten friske erter som blir mest omsett her hos oss.

Bruksområde

Sukkererter blir mest nytta rå i salatar eller som snacks. Stilken og strengelen som ertene heng i, skal fjernast før bruk. Sukkererter kan kokast forsiktig i ca. 2 minutt, slik at dei framleis er sprø, og serverast som delikat tilbehøyr til fjørfe- og kjøtretter. Dei eignar seg også godt i wok og stua saman med gulrøter, til dømes serverte til spekeskinke.

Kvalitetskrav

Sukkererter skal vere heile og saftrike og utan eller mugg. Fargen skal vere friskt grøn.

Næringsinnhald

Erter og andre belgvekstar inneheld mykje protein og er derfor ein viktig del av eit vegetarisk kosthald der belgfrukter erstattar kjøt som primærkjelde for protein. Dei inneheld A-, B-, C- og K-vitamin og minerala fosfor, jern og kalium i tillegg til kostfiber. Vi et sukkererter med belgen, og dei inneheld såleis meir vatn og mindre konsentrert energi og vitamin enn friske, grøne erter.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Juli–august
Tilgjengeleg i butikk heile året.

Med andre ord:

engelsk: string pea
tysk: Zuckererbse
fransk: pois mange-tout

Lagring:

2–4 ºC i kjøleskåp. Helst i plastpose eller tett plastboks.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020