Hopp til innhald

Tomatar

Tomaten kjem opphavleg frå Sør-Amerika og kom til Europa med Columbus. Tomatplanten vart først nytta som prydplante, og det var først på 1800-talet at tomat vart populær som mat i Italia og andre land rundt Middelhavet.
Ein grøn umoden tomat og to raude modne tomatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det var så seint som etter første verdskrigen at tomat vart akseptert og vanleg i Nord-Europa. Tomat vert dyrka både på friland og i drivhus over store delar av verda.

Tomatsuppe. Foto.

Tomat har eit tynt skal og relativt tynt fruktkjøt rundt ein geléaktig masse der det sit mange flate frø. Den blaute massen, der frøa sit, ligg i fleire kammer.

Terrin av tørka tomatar og mozzarella. Foto.

Den vanlegaste tomatsorten er den med runde, glatte tomatar, ca. 4–7 cm i diameter og med 3–5 fruktkammer. Det finst tomatar i tallause variantar: mørkeraude, lyseraude, oransje eller gule. Storleiken varierer frå dei minste cherrytomatane på eit par centimeter i diameter, til bifftomatar som kan vega over 250 g.

Talet på fruktkammer varierer frå to til meir enn ti, og fasongen varierer frå rund til avlang, flaske- eller pæreforma. Dei kan vera glatte og jamne eller ha tydelege langsgåande riller. Det er også ulikskapar i smakseigenskapane og tjukkleiken på fruktkjøtet. Tomatar vert selde anten lause eller hengande på stilk. I dei seinaste åra har utvalet av tomatar auka kraftig, og vi kan no også få dei fleste typane som klasetomatar. Tomatar kan haustast når dei er mogne innvendig sjølv om skalet ikkje har fått fullstendig farge. Dette utviklar seg under distribusjonen.

Bruksområde

Bruschetta med spekeskinke, tomat, basillikum og balsalmico. Foto.

Tomat har eit stort bruksområde og kan lagast til på mange ulike måtar. Tomatar kan etast naturelle, kokte, smørdampa, steikte eller gratinerte. Dei er gode i salatar eller som tilbehøyr. Grøne tomatar er godt eigna til sylting.

Kvalitetskrav

Tomatar skal vera heile, reine og fri for framand lukt eller smak. Dei skal vera sortstypiske av form og utsjånad. Skalet skal vera stramt og skinande, uansett kva mogningsgrad tomaten er i. Han skal ikkje ha mjuke flekker, eller «grøn skulder», som vil seia grønfarge frå stilkfestet og eit stykke nedover på tomaten.

Næringsinnhald

Tomatar er kalorifattige og rike på A- og C-vitamin i tillegg til mineral. Dei inneheld også store mengder lykopen, som er ein kraftig antioksidant. Lykopen skal vera ekstra gunstig for å hindra utvikling av prostatakreft.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

April–oktober. Vert dyrka i drivhus året rundt.

Med andre ord:

Latin: Lycopersicon lycopersicum L.
Engelsk: Tomato
Tysk: Tomate
Fransk: Tomate

Lagring:

Modne tomatar har kort holdbarhet. Ved oppbevaring under 8 °C taper tomatar smak og aroma, og blir raskare blaute.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020