Hopp til innhald

Bjørnebær

Bjørnebær er i form og fasong ei blanding av bringebær og molter, men fargen er frå mørk fiolett til nesten svart. Smaken er også noko mindre søt enn hos andre bærtypar. Bjørnebær veks vilt i Nord-Europa, Asia og Amerika. Sjølv sør i Noreg kan vi finna viltveksande bjørnebær.
Bjørnebær med lauv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medan bringebær losnar frå bærtappen ved mogning og er hole inni, er bærtappen fast i bjørnebæret også etter mogning. Både bær og bærtapp skal etast. Det finst fleire variantar bjørnebær når det gjeld form, farge og storleik.

Bruksområde

Bjørnebærmousse i glas. Foto

Bjørnebær passar godt som tilbehøyr til is eller yoghurt. Fruktsalat med bjørnebær kan også anbefalast. Bjørnebær eignar seg også til terte, kake og pai. Dei kan dessutan etast naturelle med litt sukker og fløte eller varmast til is.

Kvalitetskrav

Bjørnebær har ofte betre haldbarheit enn andre bærvariantar. Dei skal ha jamn, mørk farge med blank og frisk utsjånad utan teikn til skadar.

Næringsinnhald

Bjørnebær er fiberrik og har eit høgt innhald av A- og C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

August-september

Med andre ord:

Latin: Rubus Fruticosus
Engelsk: Blackberry
Tysk: Brombeere
Fransk: la mûre

Lagring:

0–2° C. Friske bjørnebær har kort holdbarhet og egner seg ikke til oppbevaring. De bør fryses om de ikke blir brukt i løpet av få dager.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020