Hopp til innhald

Blåbær

Blåbær er i Noreg mest kjent som det viltveksande bæret vi finn i skogen på seinsommaren. Dette er eit bær med raudblått fruktkjøt.
Blåbær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pannekaker med blåbærsyltetøy. Foto.

Mest omsett i varehandelen er blåbær dyrka på buskar, eller såkalla hageblåbær. Samanlikna med skogsblåbær er hageblåbæra større, søtare og med ein mildare aroma. Blåfargen finst berre på skinnet, så ein vert ikkje så blå på tunga av å eta hageblåbær.

Nyplukkede blåbær med mjølk. Foto.

Bruksområde

Blåbær et vi friske som mellommåltid eller som dessert saman med mjølk og sukker. Blåbær kan også nyttast til fruktsalatar, blåbærpai og i frukostblandingar. Det er gammal tradisjon i Noreg å laga saft og syltetøy av skogsblåbær. Blåbærsaft er nydeleg som drikke, og blåbærsyltetøy er ofte ein favoritt på pannekaker og vaflar. Dei kan også frysast.

Kvalitetskrav

Blåbær skal ha mørkblå farge på skalet, dei skal vera blanke, tørre og faste. Bæra skal ikkje vera mjuke eller ha teikn til innskrumping.

Næringsinnhald

Blåbær er svært rike på flavonoid, som er ein antioksidant. Blåbær er faktisk på fem på topp-lista over matvarer med mykje antioksidantar. I tillegg er det sagt at ekstrakt frå blåbær kan forseinka aldringsprosessen og gjera hjernen klarare. Det finst også studiar som viser at bæret kan motverka kreft og seinka innhaldet av kolesterol i blodet.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Juli-september

Blåbær vokser vilt i Europa, det vestlige Asia og i Rocky Mountains i det vestlige Nord-Amerika. Blåbær er en av Norges vanligste planter.

Med andre ord:

Latin: Vaccinium myrtillus
Engelsk: Blueberries
Tysk: Blaubeeren
Fransk: Myrtilles

Lagring:

0-1 ºC. Ved lagring ned mot null grader, kan blåbær oppbevares i flere dager. De holder seg dårligere om temperaturen er høyere.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020