Hopp til innhald

Bringebær

Bringebærplanta stammar frå Midt-Asia og kom til Norden i byrjinga av 1700-talet. I Noreg skil vi mellom villbringebær som veks i skogen, og hagebringebær.
Bringebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Villbringebær er mindre, men har ein sterkare aroma enn hagebringebær. I butikkane vert berre hagebringebær selde. Mest vanleg i Noreg er raude bringebær, men det finst også bringebær som er svarte, gule, oransje og kvite.

Bringebærtartelettar med sjokolade. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruksområde

Bringebær kan etast naturelle åleine eller saman med andre bær til is eller andre dessertar. Friske bringebær kan også nyttast som pynt på blautkaker eller saman med andre bær i pai. Dei er nydelege også som kompott, til fromasj, fyll i blautkaker eller rullekaker.

Kvalitetskrav

Bringebær på busk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bringebær skal vera tørre utanpå, men likevel saftige. Dei skal også vera heile og godt mogne. Fargen kan variere frå lysare raud til mørk raud avhengig av bærtype.

Næringsinnhald

Bringebær inneheld rikeleg med antioksidantar – m.a. vitamin C og E. Av mineral kan nemnast kalium, magnesium og kalsium. I tillegg inneheld bringebær ein del folat og jern. Det vert sagt at bringebær kan verka virushemmande.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

Juli-september

Med andre ord:

Latin: Rubus idaeus
Engelsk: Raspberries
Tysk: Himbeeren
Fransk: Framboises

Lagring:

0–1 °C. Bringebær har svært kort haldbarheit og vert fort blaute. Best oppbevaring er så nær 0 °C som mogleg.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018