Hopp til innhald

Molter

Molter veks vilt i myrområda på den nordlege halvkula. Dei er guloransje i fargen og forma minner litt om bringebær. Bæra er svært saftige, og smaken er karakteristisk og svært aromatisk.
Multebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Moltekrem med molte og mynteblad. Foto.

Mange reknar molta som dronninga mellom dei viltveksande bæra. Det er viktig at bæra ikkje vert plukka for tidleg, men ferdig mogna om hausten, for at konsistens og smak skal vera riktig utvikla. Friske molter vert for det meste selde i spann.

Bruksområde

Multesuppe med rømme. Foto.

Molter vert etne naturelle med fløyte og sukker eller som moltekrem. Molter kan også nyttast som kakefyll, i fromasj, pai eller som syltetøy. Molter kan gjerne frysast ned for seinare bruk.

Kvalitetskrav

Friske molter skal vera reine og mogne med god gulfarge. Det skal ikkje finnast gjæring, mugg eller ròte på dei.

Næringsinnhald

Molter inneheld A- og C-vitamin og mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

August-september

Med andre ord:

Latin: Rubus chamaemorus
Engelsk: Cloudberries
Tysk: Moltebeeren
Fransk: Plaquebière

Lagring:

0-1 ºC. Molter inneheld benzosyre. Dette gjer dei nærmast sjølvkonserverande. Det betyr at dei kan lagrast lenge. Bæra bør oppbevarast så nær null grader som mogleg, slik at dei ikkje byrjar å gjære. Molter er ømtålige for all slags behandling, og dei blir fort blaute.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020