Hopp til innhald

Rognebær

Rogna (vert òg kalla raun på norsk) er eit lauvtre som høyrer til asalslekta innanfor rosefamilien. Namnet kjem frå norrønt «reynir», som har samanheng med fargen raud. Rogna veks over heile Europa, bortsett frå i middelhavslanda og i Alpane. I tillegg veks det rogn i det vestlege Sibir, i tempererte delar av Asia og det nordlege Nord-Amerika. Treet er utbreidd over heile Noreg.
Rognebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rogna er lyskrevjande, toler mykje vind, og kan verta opptil hundre år gammal. Treet kan verta opptil ti meter høgt, og langs kysten kan vi finna det i buskform. Rogna er kommuneblomen til Skaun kommune i Sør-Trøndelag.

Sesong:

Rogna har talrike kvite blomar om sommaren, som vert til raude bær mot hausten. Skalet er mjukt og tynt, og bæra er sure. Treet misser lauvet om hausten, og blada sprett att mot våren og sommaren.

Bruk:

Rogn vert brukt i treforedlingsindustrien og til vedfyring. Rogna vert òg brukt som skaft til ulike verktøy fordi treet er så hardt. Borken kan nyttast til garving.

Rognebær kan til dømes brukast i rognebærgelé (passar svært godt til mellom anna viltsteik o.l.), til vinlaging og til smaksetjing av sprit. Rognebæra er ein viktig ingrediens i Gammel Dansk. Hausting av rognebær til vinlegging skjer gjerne seinhaustes fordi dei bitraste smakane vert dempa etter påverknad av kulde.

I tidlegare tider vart bæra brukte som urindrivande middel, mot nyrestein og skjørbuk.

Rogna opptrer i mange folkesegner, og i norrøn tid var dette treet knytt til guden Tor. Det var mye overtru rundt rogna, og ho skulle ha magiske eigenskapar.

Sjå matvaretabellenfor nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 04.07.2017