Hopp til innhald

Tyttebær

Tyttebær veks vilt i mesteparten av Noreg. Økonomisk sett er tyttebær det viktigaste viltveksande bæret, og i den norske sesongen vert tyttebær plukka både til privat konsum og kommersiell omsetjing.
Tyttebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


bilde av trollkrem med vaniljesaus

Tyttebær har ein noko syrleg og beisk smak som kjem av innhaldet av benzosyre. Denne syra gir også tyttebæra god haldbarheit utan konserveringsmiddel. Tyttebærplanta er svært dekorativ og kan nyttast i dekorasjonar.

Bruksområde

På grunn av den beiske smaken vert ikkje tyttebær eten naturell. Det vert mest nytta rørt eller i syltetøy. Nyrørt tyttebær er ei delikatesse i det norske kjøkkenet, og er nydeleg til kjøtretter og vilt. Tyttebær kan også nyttast til å laga saft av, og i bakverk og dessertar. Trollkrem er ein nydeleg dessert som vert laga av tyttebær, sukker og eggekvite. Tyttebær eignar seg godt til frysing.

Kvalitetskrav

Tyttebærsyltetøy. Foto.

Tyttebæra skal vera raude, reine, tørre og mogne, og ikkje mjuke, ha mørke flekker eller mekaniske skadar.

Næringsinnhald

Tyttebær inneheld benzosyre som gir lang haldbarheit utan konserveringsmiddel. Tyttebær inneheld også noko C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Norsk sesong

August–oktober

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020