Hopp til innhald

Blåkveite

Blåkveita er ein arktisk fisk som ikkje finst i vatn med høgare temperatur enn 4 °C. Ho liknar kveita, men blindsida er litt lysare enn augesida. Blåkveita lever av fisk, blekksprut og krepsdyr og er kjend for å kunna vandra langt.



Hugselappen

Sesong

Heile året, ho vert sjeldan seld fersk i sommarmånadene.

Utbreiing

Nord-Atlanteren

Storleik

Hannfisken vert sjeldan over 70 cm og 4 kg, hofisken sjeldan over 100 cm og 13 kg.

Med andre ord

Latin: Reinhardtius hippoglossoides

Engelsk: Greenland halibut

Fransk: Flétan noir

Tysk: Schwartzer Heilbutt


Gyteområda for blåkveite strekkjer seg langs eggakanten mellom Vesterålen og Spitsbergen. Arten vert seint kjønnsmoden – hannen ved fire–fem-årsalderen og hoa først ved ni–ti-årsalderen. Oppvekstområdet er hovudsakleg ved Svalbard. Som vaksen, kjønnsmoden fisk lever ho langs eggakanten ved 600–1200 meters djup, men ho kan òg finnast på grunnare farvatn.



Tørrfisk av blåkveite. Foto.
Blåkveite med smørsaus. Foto.


Fangst og fangstreiskapar

Fisket etter blåkveite skjer frå eggakanten nordover til Prins Karls Forland på Svalbard. Bestanden har halde seg på eit lågt nivå gjennom dei siste femten åra, men tek seg no sakte opp att. Fisket er strengt regulert i eit forsøk på å auka bestanden. Blåkveite vert fanga med botntrål, line eller garn.

Bruk

Blåkveita vert mest seld røykt, heil og i skiver. Røykt blåkveite passar best til koking eller i omnsbakte retter. Ho vert gjerne servert med lys saus og kokte grønsaker.

Næringsinnhald

Innhaldet av omega-3-feittsyrer varierer med årstidene. Blåkveita er også ei god kjelde til vitamin D.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Relatert innhald

CC BY-NC-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017