Hopp til innhald

Åbor

Åboren er ein rovfisk som høyrer til piggfinnefiskfamilien. Han lever i ferskvatn og brakkvatn.
Symjande fisk med ryggfinne med piggar, breie, mørke striper i skinnet og raudlege finnar og spord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utbreiing

Åboren er utbreidd over heile Europa nord for Alpane, og i Russland heilt aust til Sibir. I Noreg har han to utbreiingsområde, eitt i nord og eitt på Austlandet. Åbor finst òg i fleire vatn på Vestlandet etter ulovleg utsetjing. Ulovleg utsetjing av åbor har ført til store øydeleggingar av anna fiskeliv.

Åboren kan bli meir enn 60 cm lang og vege over 4 kg. Storleiken kan variere mykje frå vatn til vatn og frå individ til individ. I vatn der bestanden er stor, kan åboren bli 20–25 cm, mens han kan nå 50 cm der det er mykje mat og gode vekstvilkår. Ein åbor på ein kilo er ein stor fisk i Noreg, men ikkje uvanleg.

Bruk

Åboren ein kvit fisk med ein litt mildare fiskesmak. Åbor blir mest brukt som sprøsteikt (småfisk), men han er òg eigna i gryter, suppe, som bakt, dampa, stua og som kaviar.

Steikt åborfilet med tomatar, purrelauk og basilikum, lagt opp på tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Åboren er ei god kjelde til protein. Han er mager og inneheld lite feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Sesong

Det er tillate å fiske åbor med stong heile året. Åboren gyter om våren når isen har tint.

På andre språk

latin:
Perca fluviatilis
engelsk:
European perch
fransk:
perche commune
tysk:
Flussbarsch
CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024