Hopp til innhald

Geit

Geita er eit partåa klauvdyr som høyrer til gruppa drøvtyggjarar. Hannen vert kalla for geitebukk, hoa vert kalla geit, og avkommet kje eller killing. Slik vi kjenner geita i Noreg, er ho først og fremst eit gardsdyr.
Flokk med geiter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag finst det om lag 60 000 geiter her til lands. I vår tid har geita òg fått ei rolle som kjæledyr på gardane. Ho er lettlært og lett å temja. Geita er eit triveleg dyr, men ho er også kjend for å øydeleggja hagar.

Geita var eit av dei første dyra som mennesket lærte å utnytta økonomisk i landbruket. I gamle dagar var geita derfor viktig for fattige bønder; ho var billig å kjøpa og var lite kresen i matfatet. Ho gjekk lett i ulendt terreng, og ein kunne derfor ha geitedrift på stader der det ikkje var mogeleg å driva med kyr. Geita gav både mjølk og kjøt, og ved å ysta og kondensera geitemjølka fekk ein geitost. Ein kunne òg få ragg til å spinna garn som kunne brukast til raggsokkar, og av geiteskinn kan ein laga eit særleg mjukt lær.

Bruk

Vi kan bruka så å seia heile dyret, også hovudet. Geit liknar på svin i samansetjing, men har ein noko skarpare smak. Geita lagar vi til som marinert og heilsteikt. I Hellas er det vanleg å ha geitesteik 1. påskedag slik vi har tradisjon for lam. Ho vert òg brukt som sous vide, filet, lårsteik og rull. Geita er likevel mest kjend for mjølka som vert brukt til å produsera ost. Vi har mange delikate geitostar.

Næringsinnhald

Geita er ei god kjelde til protein, kalsium, natrium og jern. Ho inneheld mest einumetta feitt. Geita inneheld mindre feitt enn lam og storfe.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2017