Hopp til innhald

Kalkun

Kalkun på kalkunfarm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kalkunen er ein familie med hønsefuglar som høyrer til fasangruppa, og består av to artar. Hoa er mindre enn hannen, og alltid mykje mindre fargerik – som ofte elles i fugleverda. Med eit vengespenn på 1,5–2 meter er kalkunane dei største fuglane i sitt habitat, og vert sjeldan forveksla med andre artar.

Kalkunen er eit populært jaktbytte, særleg i Nord-Amerika. I motsetning til dei tamme motstykka sine, er villkalkunar observante og dyktige flygarar. Dei trivst i open skog. Bronsekalkun er den typen som har eksistert lengst i Noreg. I motsetning til andre typar kalkunar er bronsekalkunen framleis i stand til å formeire seg naturleg, og kalkunhøna kan leggje opptil 70 egg per år. I dag er bronsekalkunen lite utbreidd i Noreg, og dei fleste individa stammar frå same oppdrettaren. Det vart sett i gang eit registreringsarbeid i 2001 med tanke på eit eventuelt bevaringstiltak.

Bruk

Kalkun vert brukt heilsteikt eller steikt i mindre stykke, som steikt lår og steikt brystfilet. Han vert òg brukt som pålegg og pølser. Som middag er kalkunen i Noreg særleg knytt til jul og nyttår. Det er òg innført Thanksgiving i Noreg – den amerikanske hausttakkefesten som vert feira siste torsdagen i november. Då serverer ein kalkun med fyll og anna tilbehøyr.

Næringsinnhald

Kalkun er ei god kjelde til protein, kalium, litt A- og B-vitamin, og fosfor. Han er feittfattig.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2017