Hopp til innhald

Storfe

Storfe er ei fellesnemning for ku, okse og kalv. Storfe er store pattedyr som er drøvtyggjarar. Vi reknar vanlegvis kalv som storfe yngre enn seks månader. Ei kvige er eit hodyr mellom kalvestadiet og i tida fram til ho kalvar. Hannen kallar vi okse, og han er vesentleg større enn kviga. Han vert òg kalla for tyr, kvegokse og stut. Dei høyrer til drøvtyggjargruppa, og kan derfor eta trevlerik mat som menneska ikkje kan eta, i hovudsak gras og kløver.
Kveg på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Storfe er klauvdyr, og har fire magar. Kroppen er dekt av eit kort hårlag, som i temperert klima vil veksa seg tettare og lengre om vinteren. Fargen kan variera frå svart til kvit, via nyansar i raudt og brunt. Kveg kan nå ein alder på meir enn 20 år, men driftsdyr vert sjeldan så gamle.

Habitatet er variert, men består som regel av utmark med ulike grastypar. Det opphavlege habitatet til uroksar har vore open skogmark og grassletter.

Bruk

Storfe produserer mjølk, kjøt og skinn. Kua gir oss mjølk, fløyte, ost, og andre meieriprodukt baserte på mjølk. Av kalv og okse bruker vi dei fleste delane av skrotten. Det vanlegaste er høgrygg til suppe, indrefilet til biff, ytrefilet, entrecotesteik, roastbiff, oksesteik, ulike gryter, pølseproduksjon, kjøtdeig osv.

Næringsinnhald

Storfekjøt er ei god kjelde til protein, kalium og jern. Enkelte av delane på slaktet kan innehalde store mengder metta feitt. Det er også ei god kjelde til A- og B-vitamin.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017