Hopp til innhald

Svin

Grisen eller svinet, også kjend som tamgris og tamsvin, er ein underart av villsvin. I vitskapleg samanheng refererer ein òg til tamgrisen som villsvin. Svin er ein pattedyrfamilie i ordenen partåa klauvdyr. Dei har ein kraftig, men ledig kropp med eit tilspissa hovud med store øyre og små auge. Snuten endar i eit tryne, og på den ytste flata på trynet (ei bruskskive) sit naseborene. Halen er tynn og kort.
Gris på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trynet er ein ideell arbeidsreiskap til å rota i jorda med. Grisen er kjend for å vera ekspert på å grava opp trøflar. Hannen kallar vi råne, og purka vert kalla sugge.

Svinet (grisen) har med seg mykje historie, dette gjeld særleg kulturhistorie og religion. Svinet vert rekna som eit ureint dyr ifølgje koranen (islam), og det er forbod mot å eta det. I Noreg er uttrykket «kjælegris» ofte brukt, og det er ein indikator på at grisen gjennom tidene har vore eit husdyr og meir enn berre mat for oss.

Bruk

Svin har omfattande bruksområde. Svinet har eit lyst kjøt med ein mild og delikat smak. Dei vanlegaste tillagingsmetodane er svineribbe (særleg til julehøgtida), steikt svinefilet, svinesnitsel, svinesteik og skinkesteik, bacon, strimla svinekjøt til gryter og supper, som spekeskinke, og til wok og andre asiatiske retter.

Næringsinnhald

Enkelte delar av svinet inneheld ein del feitt, og dette er av umetta type. Elles er det ei god kjelde til protein, kalium og fosfor.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017