Hopp til innhald

Hjort

Hjorten er ein partåa hovdyrart i hjortefamilien, og han er drøvtyggjar. Hannen, som ber eit kraftig gevir, vert kalla kronhjort. Den gevirlause hoa vert kalla kolle eller hind. Nest etter elgen er dette den største europeiske hjortearten. Hjorten har godt utvikla syn, høyrsel og luktesans. Han oppdagar derfor moglege farar veldig raskt og er svært sky. Han forsvinn ved den minste mistanke om fare, og kan koma opp i ein fart på over 60 km/t. Hjorten har svært godt nattsyn, og høyrsla er òg svært skarp.
Kronhjort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Storleiken varierer mykje: lengd frå 165 til 250 cm, pluss hale om lag 15 cm, skulderhøgd 120–150 cm, vekt 100–270 kg. Brunsttida er i første halvdelen av oktober, kalvinga er i mai eller i byrjinga av juni. Etter ein vel gjennomført brunstsesong kjem vinteren, og då samlar ofte hjortane seg i store grupper. Når den verste svolten er stilt på vårparten, løyser dei store gruppene seg opp, og hjorten går inn i sommargrupperingar.

Jakt

I Noreg har vi oppdrett av hjort, og der er det slakting gjennom heile året. Det er mest vanleg å jakta på hjorten, og sesongen varer frå 1. september til 23. desember i dei kommunane som har opna for jakt.

Bruk

Hjortekjøtet er smakfullt med litt søtleik. Det vert ofte brukt som steik, bresert, entrecotesteik, steikt indre- og ytrefilet, carpacchio, i gryter, røykt og grave. Hjortekjøtet er ettertrakta.

Næringsinnhald

Kjøt frå hjortedyr er ei god kjelde til protein, B-12, natrium, kalium, fosfor og sink. Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2017