Kval
Det er stor variasjon i storleiken, frå delfinar som er frå 1 meter og om lag 50 kg, og til den største av kvalane, blåkvalen. Han er ein gigant som kan verta opp mot 30 meter og vega 150 tonn. Han er det største pattedyret i verda.
Kvalane er straumlinjeforma, hårlause og glatte, og har eit spekklag som er om lag 40 cm tjukt. Auga er svært små i høve til storleiken på kvalen, og i oppbygging minner dei om fiskeauge. Kvalen høyrer svært godt.
Kvalane ernærer seg på levande dyr – krepsdyr, blekksprut og fisk. Det er store variasjonar i paringstid mellom artane. Kor lenge kvalen er drektig, varierer frå 10 til 15 månader, og dei får vanlegvis éin unge om gongen, men tvillingfødslar kan skje. Ungen er velutvikla og stor ved fødselen, ein tredel til ein firedel av lengda til mora.
Vi veit lite om levealderen til kvalane, men vi reknar med at dei vanlegvis vert 35–40 år. I Alaska har det vore fanga grønlandskval som med sikkerheit har vore meir enn 100 år gammal, og funn av pilspissar i døde grønlandskvalar kan tyda på ein levealder på over 200 år.
Utbreiing
Kvalane lever i alle hav, både varme og kalde, og i større elvar (t.d. Amazonas og Ganges) finst det òg små kvalartar. Enkelte kvalar oppheld seg heile livet i relativt avgrensa havområde, medan andre legg ut på lange og regelmessige vandringar som strekkjer seg frå tempererte eller tropiske farvatn til drivisområde i arktiske strøk.
Fangst
Storfangst av kval på 1800-talet og innover på 1900-talet reduserte kvalbestanden kraftig. Fangsten går føre seg i sommarhalvåret. Det er no restriksjonar og kvotar på kvalfangst, og her til lands er det vågekvalen det vert jakta på.
Bruk
Det mest vanlege er å laga til kjøtet som «kvalbiff». Enkelte skjer det i skiver, steikjer det saman med lauk og tilset fløyte. Det er òg vanleg å laga kvalkjøt til som grytekjøt. Kvalkjøtet er grovt og har ein utprega og sterk smak. Det vert òg brukt til dyrefor og utvunne kvalolje.
Næringsinnhald
Kval er ei god kjelde til protein, feitt, jern, magnesium, B-12, A- og D-vitamin.
Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.