Hopp til innhald

Rådyr

Rådyr som lever i Skandinavia, er dei minste i hjortefamilien. Rådyret veg om lag 18–36 kg (vanlegvis 22–30 kg) og kan verta 70–85 cm i skulderhøgd. Det har lange, spinkle lemmer og spisse, smale klauver. Halsen er lang. Hovudet er smalt og heller kort med store øyre. Det har også store auge. Rådyrkalven har lyse prikkar i håra over ryggen. Hannen vert kalla råbukk og hoa rå. Rådyr er kjende for å vera vakre dyr, og dei går òg under nemninga Bambi.
Rådyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om sommaren lever enkelte av dei åleine eller i små grupper, og om vinteren samlar dei seg i store grupper. Rådyra lever i om lag ti år. Dei livnærer seg på gras, urter, tre og buskar. Brunsttida er i juli–august, og kalvane vert fødde i mai–juni.

Bruk

Rådyrkjøtet er møyrt og smakar skog, med ein mild og litt søtleg smak. Kjøtet er veldig magert og har fine fibrar. Kjøtet vert fort tørt ved hard steiking, og bør behandlast forsiktig for å oppnå best mogleg resultat. Lår eignar seg godt til steik, og små kjøtbitar er fint til gryter. Lår er òg ypparleg til speking.

Næringsinnhald

Rådyr er ei god kjelde til protein, B-12, natrium, kalium, fosfor og sink.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017