Hopp til innhald

Rype

Ryper er ei lita slekt innanfor skoghønsfamilien, som består tre artar. Hoa vert kalla høne, og hannen vert kalla stegg.
Lirype i vårdrakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg finst det to rypeartar, lirype og fjellrype, og det vert drive jakt på begge. Fuglane er standfuglar som held til i kalde område, som nord for Polarsirkelen eller i fjellet over skoggrensa. Om vinteren får rypene som regel kvit fjørdrakt. Føtene er dekte av fjør, og dette har gitt rypene det vitskaplege namnet. Det greske ordet Lagopus tyder harefot. Rypene er hovudsakleg vegetarar, men unge fuglar et òg insekt. Rypa har to drakter: ei sommardrakt som er brun, og ei vinterdrakt som er kvit.

Storleiken på rypene er 38–41 cm, og dei veg mellom 450–700 gram. Vi kan sjå dei i fjellet der dei som oftast flyg i flokk.

Føda til vaksne fuglar er kvistar, knoppar, blad, frø, bær og insekt. Hekkinga går føre seg mellom mai og juni i reir på bakken, og gir 9–14 egg som rypa rugar på i 21–24 dagar. Ungane er flygeferdige etter to veker. Rypa er ikkje særleg flink til å flyga, og ho er derfor eit lett offer for rovdyr og menneske på jakt.

Bruk

Det er som oftast rypebrystet som vert nytta i matlaginga, for det er mest kjøtfullt. Rosasteikt rypebryst er ei delikatesse med nydelege sausar som til dømes fløyte og sky. Rypa kan brukast som forrett og hovudrett. Rypa kan ein bresera, steika i omnen, sprøsteika, ha i gryter, og laga viltpaté av. Passar svært godt med steikte eller stua kantarellar.

Næringsinnhald

Ryper er ei god kjelde til fleirumetta feittsyrer, vitamin A, folat, protein, kalium, fosfor og natrium.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017