Hopp til innhald

Skarv

Storskarven er ein trekkfugl som høyrer til pelikanfamilien. Han vert omkring 80–95 centimeter lang, og vengespennet er 130–160 centimeter. Han veg om lag 2,5–3 kg. Det grå nebbet, der overnebbet er bøygd ned over spissen på undernebbet, er gult inst ved nebbrota. Beina er korte og sit langt bak på kroppen, noko som er typisk for gode dykkarar. Vengene er korte, og stjerten er avrunda.
Toppskarv tørker vingene sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skarven har ei fjørdrakt som syg vatn, i motsetning til andre dykkarar, som har vassavstøytande drakt. Dette gjer at skarven kanskje er den beste dykkaren på havet, fordi han ikkje strevar med oppdrift frå fjørdrakta. Skarv er funnen i ein breiflabbmage på 65 meters djupn, og han er observert mens han følgjer etter ein makrellstim. Han er svært sky og endrar retning på mange hundre meters hald om han vert mistenksam.

Han trivst langs kysten og større innsjøar.

Storskarv vert rekna for å vera ein sosial fugl som er lett å læra opp. Mange stader i verda vert storskarven lært opp til å fanga fisk for menneske. For å unngå at han svelgjer fisken han fangar, trer ein ein ring ned over halsen på fuglen, slik at passasjen vert for trong til å svelgja byttet.

Bruk

Det som er viktig med skarv og annan sjøfugl, er at ein flår byttet når det er nyfelt (varmt), og fjernar innvolane for å unngå transmak. Feittet rundt brystfiletane må òg fjernast. Dette kan smake forferdeleg og øydeleggje fuglen om det vert verande.

Den mest vanlege metoden for å laga til skarv, er steikt bryst, men vi kan òg nytta skarven til bresert «steik», i gryter, og enkelte lagar skarvekaker. Det er berre fantasien som set grenser.

Næringsinnhald

Skarven er feitthaldig, og det meste av feittet er av fleirumetta type. Han er ei god kjelde til protein, A-vitamin, folat, natrium, kalium og fosfor.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysningar om næringsinnhald.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017