Hopp til innhald

Kva er norsk kultur?

Debatten om norsk kultur og kva som kjenneteiknar han, har gått føre seg i mange år. Men han skaut ekstra fart etter at FrP-politikaren Christian Tybring-Gjedde i desember 2012 bad den nyutnemnde kulturministeren Hadia Tajik svare på følgjande spørsmål i Stortinget: «I de senere årene er det vært diskutert flittig i ulike medier om hva norsk kultur inneholder og innebærer. Kulturministeren er landets øverste ansvarlig for kultur, og jeg ønsker derfor å vite hvordan statsråden definerer norsk kultur og hvilken grad hun mener det er viktig for landet å verne om og beskytte vårt lands kultur og tradisjoner?» (www.stortinget.no). Hadia Tajik er 32 år og frå Rogaland. Ho er muslim og den første ministeren med minoritetsbakgrunn.

Kva er norsk kultur? Bunad og lusekofte eller framandfrykt? Kva meiner du?

Kva vil DU svare på det spørsmålet?

Aftenposten har sidan kulturdebatten blussa opp på nyåret, stilt spørsmålet til lesarane sine. Kva svar trur du dominerer?

Vis svara her

Desse leiar pr. 27.1.13:

  • Friluftsmennesker – nordmenn trives best når vi får gå på tur i skog og mark (1656 stemmer)
  • Vikingene og trollet – våre myter og historier har formet dagens samfunn (1200 stemmer)
  • 17. mai – denne viktige historiske dagen representerer norsk kultur (1183 stemmer)
  • Fremmedfrykt – her langt i nord frykter vi alt som er nytt (776 stemmer)

(Kilde: Aftenposten.no/spesial)

Kva tenkjer du når du ser desse svara? Kva seier svara om dei som har sendt inn forslag? Kva slags kulturomgrep har dei? Tenkjer dei på kulturarven? Er det samsvar med det du ville ha svart?

Hadia Tajik
Kulturminister Hadia Tajik les meldinga om rikets tilstand

Kva svarte så kulturministeren på spørsmålet til Tybring-Gjedde? Ho viste til kulturlova og formålsparagrafen som legg til grunn at alle skal få høve til å delta i kulturelle aktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Nettopp dette mangfaldet meinte ho var det som utgjorde norsk kultur i kulturpolitisk forstand. Vidare peikte ho på at norsk kultur alltid har vore i endring, og at kulturarven har eit pluralistisk opphav, slik som til dømes stavkyrkjer og hardingfele, som framstår som sentrale delar av den norske kulturarven i dag. Les heile svaret her

Hadjiks svar om at den norske kulturen stadig er i endring, og at det er vanskeleg å definere han og finne essensen, fekk journalisten Jon Hustad til å gå i strupen på kulturministeren. Han skreiv ein kronikk i Aftenposten 02.01.13 med overskrifta "Ikkje min kulturminister", der han viser til sosialantropologen Fredrik Barth si utsegn:

«Dersom det lønner seg å gjøre noe annet enn hva man har gjort før eller blitt fortalt man skal gjøre, ja, så gjør man det. Enhver samfunnsordning er under stadig press fra folk som vil lure seg unna eller bruke den til egen fordel. Er ikke et samfunn konstituert slik at det bestyrker seg selv, vil folk komme til å undergrave det. Samfunn blir altså dypest sett skapt på mikronivå i relasjoner mellom enkeltindivider.»[1]

Med referanse til Barth meiner altså Hustad at det ikkje kan vere så vanskeleg å definere ein essens av norsk kultur, og han går langt i å ymte om at denne essensen er truga på grunn av stor innvandring. Til slutt oppmodar han kulturministeren til å sjå på skilnaden mellom norsk og pakistansk kultur. Han reknar med at ho ikkje vil ha problem med å skilje desse to kulturane frå kvarandre, og heller ikkje med å sjå kva samfunnsmodell ho ville ha likt best. Les kronikken her: Ikkje min kulturminister

Kronikken til Hustad blåste verkeleg liv i debatten, og professor i sosialantropologi Thomas Hylland Eriksen kommenterte innspela frå Tybring-Gjedde og Hustad med at han såg dei som uttrykk for frykt for at det velkjende i den norske kulturen skulle forsvinne på grunn av innvandring, men òg som utslag av ein slags konkurranse om kven som er moralsk overlegen. Han trur heller ikkje at det er tilfeldig at ein kulturminister med minoritetsbakgrunn blir beden om å definere norsk kultur. Les artikkelen Hylland Eriksen om norsk kultur

Med bakgrunn i den heftige debatten blei det 16. januar 2013 arrangert eit møte i Interkulturelt Museum i Oslo. I panelet sat mange av aktørane som hadde komme med ulike innspel kring spørsmålet om norsk kultur. Nokre av problemstillingane som blei reist på møtet, var:

  • Finst den norske kulturen?
  • Kan ein i så fall definere han?
  • Er denne kulturen konstant, eller i stadig endring?
  • Er det i eit globalisert Noreg riktigare å snakke om kultur i Noreg enn norsk kultur?

Kva ville du ha svart på desse spørsmåla? Korleis heng dette saman med det du har lært om den deskriptive og den dynamiske kulturforståinga?

Ein av paneldeltakarane, Høyres Torbjørn Røe Isaksen, meinte at kulturomgrepet kanskje burde definerast på nytt, og at det handlar meir om norsk verkelegheit; røyndom gjennom historia og konteksten vår, enn om norsk kultur.

Med 22. juli som bakteppe har fleire debattantar tatt til orde for at verdiane våre er dei sentrale for norsk kultur. Geir Lippestad, Breiviks forsvarsadvokat, er ein av dei:

«For meg er det ikke et viktig tema om norsk kultur er hva du har på deg eller hvor du drar på ferie. Det viktige er hva som er norske verdier, som ytringsfrihet, likestilling, respekt, og at vi forsto at Breivik måtte ha en rettssak.» Lenkje til artikkel om Geir Lippestads føredrag

Her framheva han den undringa den norske reaksjonen på massemordaren blei møtt med av utanlandske medium: Sat han ikkje i bur? Kvifor fekk han i det heile tatt ein rettssak og ein advokat? Kvifor fekk han ikkje dødsstraff?

Som vi ser, er det ikkje lett å bli einige om kva norsk kultur er, eller om han ein gong finst. Kanskje må vi nøye oss med å sjå på naturen som noko særmerkt norsk, slik som i Tarjei Vesaas sitt dikt Snø og granskog:


Tale om heimsleg –
snø og granskog
er heimsleg

Snø og granskog

Eller kan hende kan vi ikkje bli einige om det heller?

Oppgåver

  1. Kva vil du definere som norsk kultur? Finst han? Skriv eit blogginnlegg.
  2. Diskuter:
    • Kvifor er det så vanskeleg å bli einige om kva norsk kultur er?
    • I denne artikkelen møter vi mange synspunkt på norsk kultur. Plasser kvar dei ulike synspunkta høyrer heime i høve til omgrepa du har lært (normativ, deskriptiv, dynamisk, essensialistisk, etnosentrisk og kulturrelativistisk kulturforståing).
  1. 1«Ikkje min kulturminister». Hustad, John. Aftenposten. 2013.