Hopp til innhald

Seinkomplikasjonar ved diabetes

  • Diabetikarar har ein tendens til å få auka feittavleiringar på innsida av arteriane, såkalla aterosklerose. Meir om aterosklerose . Det er fordi «søtt blod» strøymer langsamare i blodårane, og då aukar tendensen til aterosklerose. Dette disponerer for sjukdommar som hjerneslag, hjarteinfarkt og angina pectoris.
  • Diabetikarar er utsette for å få alvorlege sår på føtene. Auka førekomst av fotsår kjem av at blodsirkulasjonen er dårlegare på grunn av aterosklerose, at smertekjensla er nedsett, og av at ein dårleg regulert diabetes svekkjer infeksjonsforsvaret og dermed aukar faren for infeksjonar.
  • Høgt blodsukker kan på sikt gi forandringar i dei små blodkara i kroppen. Desse forandringane kan gi skadar i auge, nyrer og nervar. Forandringar i kara i auga kan gi sterkt nedsett syn eller gjere ein blind. Øyesykdom på grunn av diabetes. Blindeforbundet. Når dei små blodkara i nyrene blir forandra, greier ikkje nyrene lenger å utføre oppgåvene sine. Pasienten kan få nyresvikt og må behandlast med dialyse (blodet blir reinsa via eit apparat). Nerveskadane vil kunne gi nedsett smertekjensle, prikking og uro i muskulaturen, leggkrampar og nedsett rørsleevne. Skadar på nervane kan også gi kronisk diaré, og hos menn manglande evne til ereksjon.
CC BY-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017